Møre og Romsdal har med Ap og Kjølmoen i regjering, totalt skvisa vårt fylke i NTP.
Dette er sjølvsagt fakta, der regjeringspartia feira med kaker for å flytte ut av NTP sin reelle plan som er dei fyrste 6 åra, både rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger og Voldatunellen.
At Kjølmoen forsøker å bløffe om at vår enigheit med eit fleirtal i Stortinget for viktige samferdselsprosjekt skulle ramme oss, er rett og slett tøv og pølsevev.
Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger er sjølvsagt mulig å starte innan få år, men samferdsel har ikkje vore Kjølmoen sin sterkaste side.
Politikk er å prioritere, og ang jernbane har vi skrota Ap og Samferdselsministeren sitt luftslott av ett jernbaneprosjekt til Fredrikstad til mange titals milliard kr, som blir omprioritert.
Med andre ord blir ikkje jernbane nevneverdig endra økonomisk, og har slett ingen betydning for andre prioriteringar.
Fakta er vidare at regjeringa sin NTP er 24 % lavare enn NTP en frå 2021, så det at det ikkje finnes midler til våre prioriteringer opererer kun i hodet på Kjølmoen og co.
Vidare er det åpenbart flaut for Ap og Kjølmoen å gjere så slett arbeide i Stortinget at dei taper det meste ikring ny NTP.
Rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger har er høgt prioritert av Møre og Romsdal FrP, samt av Vestland og Innlandet, dette blir no bygd raskast råd.
Så blir det ny regjering med eit sterkt FrP i 2025, då får vi sette full gass på Nye Veier as og E39 Solrvågseidet til Moa og Eksportvegen E136 frå Ålesund til Bjorli.
Vi leverer der regjeringa sviktar!
Les også
Møre og Romsdal taper igjen med Frp