Annonse
Dordi Boksasp Lerum, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet
Ytring
Dordi Boksasp Lerum, fylkestingsrepresentant for Senterpartiet
07 juni 2024 14:28
Del på Facebook
Foto: Jenny Kane / AP
Foto: Jenny Kane / AP
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Russetida for elevar i vidaregåande skule er over for i år. Sjølv om det for mange har vore ei fin tid, er det nok fleire som også har vorte introdusert for ulovlege og farlege rusmiddel. No er det på tide å sei tydeleg nei til narkotika – ein gong for alle!

Det er ikkje meir enn tre år sidan eg sjølv var russ. Sjølv om det var midt under koronapandemien, kunne ein då óg diverre møte på ungdommar som røyka hasj eller nytta andre ulovlege rusmiddel. Sidan den tid opplever eg at narkotika har blitt enno meir normalisert.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

I Ungdata-undersøkinga rapporterer ungdom sjølv om ein aukande bruk av kokain. I ei anna stor undersøking gjort av Folkehelseinstituttet i 2021 var det éin av fem elevar i vidaregåande som rapporterte at dei hadde nytta cannabis. For å ikkje snakke om bruken av alkohol som også har auka samla sett dei siste ti åra. Det er urovekkande høge tal – når skal det stoppe?

Narkotika er farleg og øydelegg heile liv, det er også grunnen til at narkotika er og skal vere ulovleg. Likevel har ein dei siste åra sett at populærkulturen og det offentlege ordskiftet har normalisert bruk av ulovlege rusmiddel, anten det er å opne ein cannabiskafè, «naturleg» integrering av rusmiddel som kokain og GHB i songtekstar eller det er ein ungdomspartileiar som tek med seg ein joint på ein ungdomsdebatt. Det har samla ført til ei haldningsendring blant ungdom knytt til farleg narkotika.

Annonse
Annonse

Eg meiner at politiet må få tilbake sine verkemiddel til å kunne avdekke ulovleg rusbruk. Det hadde vore førebyggande! No kan ein i praksis gå rundt med mange brukardosar narkotika i lomma, utan at politiet har mynde til å gjere noko med det. Det blir veldig feil i mitt hovud.

Misforstå meg rett, eg meiner sjølvsagt at både ungdommar og vaksne som er rusavhengige sjølvsagt skal få helsehjelp – ikkje få politistraff. Likevel må ein slå fast at det er skilnad på ungdommar og russ som røykar hasj på fest fordi det er lættis, og rusavhengige som verkeleg slit.

Neste veke tek eg saka til fylkestinget. Russetida skal vere nettopp det: Ei russetid – ikkje rusetid!

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 1 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 1 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 16 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 20 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse