Kjømoen har ikkje peiling på kva som er fakta i frå FrP sin Stortingsgruppe, og trur nokon at eg stiller i nasjonal presse uten nødvendige fullmakter?
Makan, dette var tidenes lavmål av Kjølmoen.
Som samferdselspolitisk talsperson i FrP er det faktisk eg som forfekter i Stortinget dei vedtak vi har i vår Stortingsgruppe ang samferdsel samt vår vedteken samferdselspolitikk.
Det hadde sikkert vore interessant å forsøkt å beskrevet Ap sitt indre liv, men så lavt hadde eg aldri drømt om å falle.
Hadde Kjølmoen sett seg inn i realitetane ang NTP, så er det slett ikkje Ap sitt framlegg til ein ny NTP som er 24.8% lavare enn gjeldande NTP frå 2021.
«Regjeringa sitt framlegg til NTP er såleis slett ingen fasit».
Fasiten er fleirtalet i Stortinget som setter, og det er sikkert trist for Kjølmoen og Ap at regjeringa har er sett seg sjølv på gangen ang NTP.
Ellers kan Kjølmoen sjølvsagt forsøke å fortsette med sitt fundamentale lavmål av personangrep og forsøke å snakke ned mi tid som ordførar i Stranda for mange tiår sidan.
Forøvrig noko Kjølmoen aldri har opplevd å få oppleve av posisjon.
Som ordførar bygde eg Stranda, og skulle jaggu bygd igjen når det no viser seg å vere ein stor suksess. Forøvrig var det eit stort fleirtal i kommunestyret som faktisk bygde dette, og er stolt av det vi fekk til.
Må faktisk knuse egg for å lage omelett, og resultatet på Stranda vart faktisk svært bra.
Resultatet for Stortingets fleirtal ang NTP blir faktisk også svært bra, og betydeleg betre enn regjeringa sitt framlegg.
Sjølvsagt vanskeleg for Kjølmoen å akseptere at vi fjernar Jon Ivar Nygård og Ap sitt luftslott av ei jernbane til Fredrikstad til mange titals milliard kr, og erstattar dette med Vestfoldbanen.
Dette fører ikkje til auka pengebruk til jernbane, faktisk mindre.
I tillegg er Ringeriksbanen i Nye veier as sin porteføljen og blir der prioritert.
Men slike elementære grunnlag ang samferdsel har tydelegvis ikkje Kjølmoen tenkt å bry seg
med.
Det er sikkert derfor Kjølmoen ikkje eg plassert av Ap i eit så viktig område som Transportkomiteen på Stortinget faktisk er.
Les også
Tidenes togtabbe av Sve
Les også
Møre og Romsdal taper igjen med Frp