NTP (red.anm. Nasjonal transportplan) er ei Stortingsmelding, og ikkje ei kr er tapt med bakgrunn i at Møreaksen heldigvis er kasta ut av planen.
Snarare tvert imot, no er det faktisk reelle muligheiter for at også vårt fylke kan få løyvingar over dei årlige Statsbudsjetta til mange viktige prosjekt framover med ei ny regjering.
Problemet har vore at Møreaksen har effektivt «torpedert» alle andre samferdselsprosjekt her i fylket.
E136 Eksportvegen har vore prioritert på topp av både fylkesting, kommunar, NHO, næringslivet osv, likevel har planleggingsmidlane på snart ein halv milliard blitt knabba til Møreaksen.
Statens vegvesen har vist null respekt for dei politiske prioriteringane, der E136 Ålesund–Bjorli, rv. 70, E39 Solevågseidet–Blindheim–Moa, E39 Batnfjorden, rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, Voldatunellen, osv. har blitt effektivt motarbeidd.
No kan reelle prosjekt få løyvingar over Statsbudsjetta.
Fyrst ute i køa får rv. 15 Strynefjellet med arm til Geiranger snarlig oppstart, dette har Stortinget vedteke. Likeså må E39 forbi Batnfjorden setjast igang samt fleire tiltak på rv. 70.
Planlegging må igjen setjast fart på for E136 Moa til Tresfjordbrua, og vidare opp Romsdalen, samt at «dødsvegen» nr. to her i landet , E39 Solevågseidet–Blindheim til Moa må forserast raskt.
At regjeringa har prestert å flytte det byggeklare prosjektet Voldatunellen ut til slutten av NTP-perioden, er rett og slett håplaust. Dette vil ei ny regjering sjølvsagt sette byggjestart på straks, alt anna er greinalaust.
Så får «Møreaksenklanen» fortsette å gremme seg over at prosjektet er kasta ut av NTP, ikkje ei kr er tapt, men folket har sigra over galskapens prosjekt og fylket vårt kan igjen få løyvingar over statsbudsjettet på viktige og realiserbare prosjekt i åra som kjem.