Annonse
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Hovudinntrykket mitt av regjeringas framlegg til statsbudsjett for 2019 er at dei verken vil ha sosial eller geografisk utjamning, slik vi i Senterpartiet ønskjer. Dei går derimot inn for at sentraliseringa skal halde fram. Regjeringa vil òg framleis leggje til rette for at nordmenn skal bruke pengane sine på mykje handel i utlandet på kostnad av norske arbeidsplassar og norsk økonomi.

Fastlegeordninga
Stortingsfleirtalet har slått fast at det må koma ei satsing for å styrke fastlegeordninga. Dette er viktig for mange kommunar i Møre og Romsdal, så det er trist når regjeringa no så tydeleg vil skuve fastlegesatsinga ut til neste stortingsperiode. Vi i Senterpartiet meiner det er nødvendig å ha ei reell satsing i neste års statsbudsjett for å snu krisa i fastlegeordning. Regjeringa følgjer ikkje opp Stortingets vedtak om ei opptrapping av allmennlegetenester i kommunane. Det er absolutt positivt det som kjem frå regjeringa til å auke rekrutteringstilskot og utdanningsstillingar.Men det er langt ifrå nok. Det er nødvendig med løyvingar som legg til rette for kutt i listelengde og mindre vaktbelastning. Kommunane må kunne sikre kvardagen for dei fastlegane som er i jobb i dag, og sørgje for ei betre legevaktordning.

Politiet
Mange stader blir det varsla om problem i politiet. Det er altfor få tilsette på mange av dei lensmannskontora som står att etter politireforma, det er problem med å få unna etterforskinga og i tillegg er det færre politipatruljar ute enn det regjeringa har lova. I framlegget deira til neste års statsbudsjett legg ikkje regjeringa opp til at politidistrikta skal få auka handlingsrommet sitt.

Det er bortimot litt tragikomisk at dei presterer å koma med berre 50 millionar til nye tilsetjingar av politifolk, medan dei samtidig legg inn eit trekk på 51 millionar til politietaten på grunn av forventa gevinst av politireforma. Då må eg seie dei heng dårleg med på kva politifolk fortel om rundt omkring i landet. Å leggje inn et slikt trekk vil eg tru mange av desse politifolka synest er ganske ille og på grensa til frekt av regjeringa. Det er krevjande nok å gjennomføre ei politireform om ikkje ein skal få løyvingar frå ei regjering som stadig underfinansierer etaten.

Pendlarane
Pendlarane får nok ein gong dårlegare kår i haustgåve frå regjeringa. Reisefrådraget blir knappare gjennom at fråtrekket blir prisjustert, satsane forblir uendra og bom- og ferjeutgifter skal inngå under maksgrensa. I tillegg vil dieselprisen og dieselavgifta i praksis auke.

Eg tykkjer det er trist at vi har ei regjering som ikkje forstår verdien av å leggje til rette for pendling. Ein kan tru dei ikkje forstår kor langstrakt og kronglete dette landet er, og kva det inneber å reise langt til jobben. Det er eit paradoks at regjeringa forverrar vilkåra for pendlarane samtidig som dei stadig tek sentraliseringsgrep som fører til at fleire må velje mellom å flytte eller pendle dersom dei skal behalde stillinga si. Å ta frå folk frådragsmoglegheiter knytt til pendling og å endre satsane til det verre for pendlarane er rett og slett dårleg politikk. Både byane og bygdene har glede av at folk med rett kompentanse til ulike jobbar tek seg bryet med å pendle. Vi bør leggje meir til rette for pendling, ikkje mindre.

HV
Regjeringa løyver meir pengar til objektsikring, noko som var forventa etter riksrevisjonens kritikk. Så vidt eg kan forstå er truleg auken i midlane til Heimevernet knytt til dette nødvendige løftet. Desse midlane er uansett ikkje tilstrekkeleg for å fullfinansiere eit HV beståande av 45 000 soldatar. Det er stort sprik mellom det Senterpartiet ønskjer for Heimevernet og det regjeringa ønskjer, dette er det lett å slå fast også i dette statsbudsjettframlegget.

Sjukehus
Sjukehusbudsjettet er svært stramt og inviterer til kutt. Midlane vil knapt dekke dei demografiske endringane, til dømes knytt til at det blir fleire eldre, og dette er ikkje bra. Heller ikkje sjukehusa blir skjerma for avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt. Sjukehusa må også finansiere dyre medisinar. Alt dette gjer at vi i Senterpartiet fryktar at sjukehusa kjem til å kutte i akuttberedskapen og føde- og barseltilbodet for å få budsjettet til å gå i hop.

I tillegg vil rettar ikkje regjeringa opp i den ubalansen som i dag er mellom sjukehus og kommunehelsetenesta, noko vi veit fører til dårleg samhandling og lite heldige pasientforløp. Regjeringas budsjett vil føre til at sjukehusa held fram med å skuve oppfølginga av sjuke pasientar over på kommunane, utan at kommunane får styrka kapasiteten sin tilsvarande. Det skal også bli innført betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan rus og psykiatri frå årsskiftet, men få kommunar er førebudde på dette.

Kommunane
Kommuneøkonomien er vesentleg for mange viktige velferdstenester landet rundt. Det regjeringa vil bruke på kommunane inneber ein langt strammare kommuneøkonomi enn det som var lova i kommuneproposisjonen før sommaren. Realveksten for kommunane vil med regjeringas nylege framlegg bli redusert med 1,4 mrd, medan Senterpartiets framlegg var å auke rammene med 3-4 mrd utover det regjeringa tidlegare gjorde framlegg om i kommuneproposisjonen. Her er det altså eit stort sprik, og mange kommunepolitikarar hadde nok håpa på betre vilkår for å drive velferdstenestene lokalt.

Distriktspolitikken
Når det gjeld distriktspolitikken, har regjeringa for lengst vist sitt sanne ansikt. Dette er ikkje noko dei meiner er verdt å bruke pengar på. Det same skjer no, når dei gjer framlegg i eit ytterlegare kutt til regionale utviklingsmidlar på 223 mill. Dette kjem i tillegg til regjeringas tidlegare kutt på 1,4 mrd. Det betyr at dei regionale utviklingsmidlane er meir enn halvert sidan Senterpartiet sat i regjering. Dette står i skarp kontrast til regjeringas signal om fylka skal få eit auka ansvar for distrikts- og regionalpolitikken. Dei vil gi fylka større ansvar, men fjernar mykje av det økonomiske grunnlaget for å drive ein slik politikk.

Jenny Klinge
Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til post@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet under.

Annonse
Annonse
Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Relevant innhold

Annonse