«Det finnast ikkje ein forsvarleg grunn, for å leggje ned rehabiliteringssentera på Aure, Mork eller DPSet på Sjøholt». At leiinga i Helse Møre og Romsdal seriøst kan meine, at ein skal kutte tjenestar nærmast mulig innbyggjarane og på områder som råkar sterkt utsette grupper, er omlag som å, «skjere av seg haka under barberinga».
Dette minner meg om same taktikken som fylkesrådmannen har fremma i fylkeskommunen. Mykje enklare å seie opp en lærarassistent på skular, bussjåførar osv, enn å kutte i stillingar av leiarar på fylkeshuset.
Nøyaktig det samme ser vi her i helseføretaket. Mykje enklare å kutte på grasrota, Aure, Mork osv, enn å gjere faktiske grep i drifta i mellom og toppleiinga, rasjonalisere drifta og ta grep om dette. «I Helse Møre og Romsdal, råder humla suse, og det har det gjort i mange år»
Møre og Romsdal Frp kjem til å følgje nøye med kva Espen Remme og leiinga i Helse Møre og Romsdal kjem med av forslag til sitt styre i Mars. Vi kjem ikkje til å sete stille og sjå på noko som helst forsøk på å rasere helsetjenestane her i fylket.
Når Helse Møre og Romsdal skal kutte ca 130-200 mill kr i eit budsjett på langt over 6 milliard, så er dette berre «dråpar» i omstilling, og vesentlig mindre enn dei fleste kommunar her i fylket har gjennomført. Når ein også klarer å setje kun personar frå Sunnmøre, til å utgreie å leggje ned til dømes Aure rehabiliteringssenter, vitnar dette om «null gangsyn»
At det skal vere nødvendig å lage eit helsikes styr, og nøre opp om fogderistriden her i fylket, er ikkje noko dette fylket trenger akkurat no.
Vårt krav til leiinga i Helse Møre og Romsdal er fylgjande, «Frp krev fortsatt drift av rehabiliteringssentera på Aure og Mork, og ingen endring av DPS et på Sjøholt»