Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Jenny Klinge
Ytring
01 oktober 2019 21:25
Del på Facebook
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sentraliseringsiveren til regjeringa vil ingen ende ta. No er det domstolane som skal til pers, og det så raskt som råd. Regjeringa burde gjera seg ferdig med politireforma og få kontroll på den etaten før dei bryt seg på nye, store sentraliseringsprosjekt.

Regjeringa sette i 2017 ned ein domstolkommisjon, og gjorde det tydeleg allereie i mandatet at talet på domstolar skulle ned. Sidan har regjeringa framskunda den delen som gjaldt struktur til 1. oktober i år, slik at denne no er lausriven frå resten av analysen som kjem i 2020. Regjeringa forhindra stor politisk debatt om saka i ein valkamp ved å vente til etter kommune- og fylkestingsvalet, men samtidig har dei god nok tid til å gjera drastiske endringar før stortingsvalet i 2021. Det å unngå debatt før val slik er ikkje den mest sympatiske måten å styre landet på.

No ser vi at utvalet har levert på bestilling. Utvalet vil kutte dei 60 tingrettane vi har i dag til 22, i tillegg til 8 rettsstader som blir lagt under ein annan tingrett. Framlegget inneber også ein drastisk reduksjon i talet på jordskifterettar.

Ein kan jo spørje seg om det ikkje er på tide å spara pengar ved å slå saman domstolar òg. Og vil ikkje kvaliteten på arbeidet bli betre når ein fjernar dei minste? Det er heilt greitt å spørje, men svaret er nok ikkje slik regjeringa ønskjer det skal vera. For effektivisering innan eitt felt betyr ikkje nødvendigvis innsparing for samfunnet sin del – som når nedleggingar av offentlege tenester inneber å flytte transportetappar, pengebruk og tidsbruk over på andre etatar eller over på bedrifter og enkeltpersonar.

Det er ikkje noko likskapsteikn mellom samanslåingar og spareeffekt innan dei offentlege etatane heller. Politietaten har ikkje akkurat vorte meir effektiv og billigare i drift etter dei massive samanslåingane i politireforma. Budsjettet for dei ti minste domstolane utgjer 1,89 % av det totale domstolbudsjettet. Det er ikkje påvist at store domstolar er meir effektive eller har høgare kvalitet enn dei små. Det er heller slik at ulike domstolar arbeider med ulik fart og kvalitet, uavhengig av storleiken.

Det er eit paradoks at regjeringa prøver å framstille det som om dei små domstolane er mindre effektive enn dei store, samtidig som effektiviseringstiltak – slik som digitaliseringsløftet – berre blir gjennomført i dei 12 største tingrettane. Dei små domstolane fell rett og slett mellom to stolar fordi regjeringa ikkje evner å sjå verdien av den mangfaldige og gode domstolstrukturen vi har i Noreg i dag. Dette er ein del av det vi i Senterpartiet meiner er «sniknedlegging» av dei små domstolane, som har vorte gjennomført over fleire år fram til rapporten til Domstolkommisjonen no vart lagt fram og i verste fall startar ein større sentraliseringsrunde.

Vi i Senterpartiet er heilt tydelege på at ei massiv sentralisering av domstolane, inkludert jordskifterettane, er uaktuelt. Nærheit til tenestene og ein aktiv stat er viktig i heile landet, og gode rettstenester og rettsikkerheit er grunnleggjande viktig.

Av Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne, Senterpartiet.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Anne Mari Sandshamn 30 minutter siden Prioritering av E136 Eksportveien
@Terje SundsbøMoroklompen...  Det finnes vel masse info på vegvesen, eller andre instanser som filket,regjering mm... Man må vel bare lete, tenker ...
Anne Mari Sandshamn 32 minutter siden Beskjed om å flytte?
@Terje SundsbøJusst precis.  Realisme... Hvordan hadde det gått med gårdsbrukene, butikkene, bedriftene og ikke minst turismen ute på de små øyene, ...
Terje Sundsbø 4 timer siden Beskjed om å flytte?
@Anne Mari SandshamnJoda, jeg kan se for meg et slikt scenario, en skyssbåt stor nok til å ta imot flere tusen passasjerer ...
Terje Sundsbø 4 timer siden Prioritering av E136 Eksportveien
@Anne Mari SandshamnHvordan kan jeg gi andre linker med tilsvarende innhold, når slike linker ikke finnes? Og ikke prøv å kverulere med ...
Anne Mari Sandshamn 10 timer siden Prioritering av E136 Eksportveien
@Terje SundsbøHvorfor? Er du ikke voksen nok til å svare på det du blir etterspurt? Eller er sannheten at du ikke ...
Anne Mari Sandshamn 10 timer siden Beskjed om å flytte?
@Terje SundsbøPoenget er at siden du og RR sammeligner og påstår det er MYE verre at Gossen og Otrøya blir uten ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte