Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Kristin Sørheim
Ytring
15 januar 2020 09:21
Del på Facebook
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Svar fra Kristin Sørheim til leserinnlegg fra Frank Sve: Kristin Sørheim og Sp, skjerp dokke den 14.01.2020

Siste ord til Sve

I 2017 vart det innført takstauke på 2 sonar for 6 samband, frå 2018, samrøystes. I juni 2018 vart det samrøystes vedteke å innarbeide dette i resten av sambanda frå 2020. Eit samrøystes fylkesting såg at vi ikkje greidde å finansiere dei nye kontraktane på annan måte.

Eg har ikkje registrert at Frp har fremma forslag om å reversere dette. Fylkesrådmannen viser til 180 mill. i underdekning i høve overføringane frå staten i 2020, utan takstauke. Frp stemte til slutt mot heile økonomiplanen, dvs. mot alt som skal gjennomførast i vårt fylke neste år. Men det betyr ikkje at vedtaket frå juni om å auke med to takstsonar er oppheva.

Frank Sve hadde til slutt eit forslag om å bruke tunnelsikringspengar (der ein feil i statsbudsjettet heldigvis vart retta opp) – til å redusere ferjetakstane. Det er litt av eit skodespel å foreslå å bruke statlege løyvingar til å oppfylle pålegg om tunnelsikring til å kamuflere underfinansieringa av ferjedrifta, når vi manglar 1 mrd. for å få tunnelane lovleg før 2025. Allereie i 2015 fekk vi ein forvaltningsrevisjonsrapport om ferjekostnader, som peika på underfinansieringa av ferjedrifta. Andre fylke legg fram liknande tal.

Eg får seie som Sve, «alt dette veit du». Det er uforståeleg kvifor du brukar så mykje krefter på å hindre ei rettferdig fordeling av kostnadene med det «grøne skiftet», når du bruka så mykje krefter på å fjerne milliardar i bompengar i storbyane.

Frp var for opera i april og er mot no, og vil bruke investeringsfond til ferjedrift. Og denne debatten fører ingen stad – i alle fall ikkje til betre vilkår for ferjebrukarane. Så eg set punktum for debatten.

Men Frp kan stemme for forslaget som Sp har fremma på Stortinget, så får regjeringa gjennom både kulturhuset sitt, autopass og lågare ferjetakster. Og det er ledige bompengemidlar i Oslo som kan omdisponerast.

Av: Kristin Sørheim, gruppeleiar Sp

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDu marmar på med ditt og spissformuleringar.
Terje Sundsbø 4 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har rett i at realisme er en dyd – gratis ferge koster staten dyrt. Fergeavløsningsprosjekter blir derfor mer lønnsomme ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøRealisme er også ein dyd. Sande Fastllandssamband AS har eksistert i 20 år+. Urealistisk. Nå oppgraderast fergebåsane på 4 stopp ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Geir Ole SætremyrDu har altså brukt snart én time på å vente på ferger, og brukt nesten én time om bord på ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDer er ein feil ved oppsettet over forbruk på ferga mellom Vestnes og Molde. Ikkje samme frekvens på lørdag, søndag ...
Geir Ole Sætremyr 5 dager siden Møreaksen er det eneste alternativet
@Terje SundsbøDersom du har et snev av geografikunnskap vil du ha fått med deg at eg på vei til Sandsøya så ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse