Annonse
Annonse
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp
Kristin Sørheim, gruppeleder Møre og Romsdal Senterparti. Foto: Sp

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har sendt på høyring eit forslag til nye kriterium for båtar i inntektssystemet for fylkeskommunane.

Midt under ferjeopprøret kjem det eit forslag som er bygd opp på same måte som for ferjer, dvs at det blir laga ein slags «nasjonal standard» for kva som er godt nok båttilbod i dei ulike fylka. Og med forslaget til slik standard meiner ein at kostnaden til båtdrifta kan gå ned med 40-50 %, og dermed kan overføringane til fylka til båtdrift også reduserast tilsvarande.

Det er Møreforsking som har utarbeidd rapporten, på oppdrag frå KMD, og rapporten er eit greitt fagleg grunnlag. Men inntektssystemet for kommunar og fylke er først og fremst politikk, ikkje fag.

Sp ser denne modellen som direkte distriktsfiendtleg ovafor kystbefolkninga. På same måte som den nasjonale ferjestandarden gjev dette eit dårlegare og dyrare tilbod for kystbefolkninga enn for dei fylka som ikkje har fjord og sjø å krysse. Vi vil at våre innbyggjarar og vårt næringsliv skal ha like gode rammevilkår som resten av landet. Samfunnsnytten av at verdiskapinga langs kysten blir oppretthalden er etter vårt syn undervurdert i modellane.

Vi vil difor ikkje gå inn for dette forslaget, men heller sjå på korleis vi kan forbetre finansieringa til båtdrift innanfor dagens system. Så vil vi også gå inn for at tilskott og underskott på båtdrift kan inngå i finansiering til å bygge fastlandssamband, på same måte som ferjekostnadene.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til post@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet under.

Annonse
Annonse
Bok - tilbake til livet
Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Annonse

Våre utvalgte