Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Annonse
Del på Facebook
Erik Kursetgjerde, Fylkestingsrepresentant (Ap). Foto: Arbeiderpartiet
Erik Kursetgjerde, Fylkestingsrepresentant (Ap). Foto: Arbeiderpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

For å vere blant dei mest røynde samferdselspolitikarane vi har, møter Frank Sve frå Framtegspartiet seg sjølv i døra gjentatte gonger i eit innlegg denne veka, med kraftige forenklingar om dagens situasjon vedrørande ferjefinansiering. Det er ei debattform som vi alle må halde oss for gode til. Ingen politiske parti, inklusive mitt eige – står skuldfri vedrørande dagens situasjon – men det er fascinerande å sjå at sjølv etter seks år i regjering, så presterer Sve å enno skulde på og sjå tilbake på den raudgrøne perioda. 

Først og fremst – ynskjer eg gjerne eit samarbeid med Frank Sve – for å få på plass ei betre løysing for innbyggjarane i fylket vårt. Men interpellasjonen som blir sendt inn til fylkestinget vedrørande å ikkje innføre autopass-ordninga kan ha store konsekvensar. Ved å gjere dette risikerer vi truleg økonomiske krav frå rederia på grunn av kontraktsbrot. Kontraktene er basert på same anbodsutlysning med AutoPass som Frank Sve stemte for. På same tid vil då Møre og Romsdal ha eit anna system enn resten av landet og riksvegferjene med eit anna regulativ.Vi avventer framleis og ser kva staten no vil gjere med AutoPass.

Dei 70 millionane på disposisjonsfondet som Sve referer til, er ikkje ei «ekstra-løyving», men kom fordi det var «en feil i beregningsgrunnlaget for Møre og Romsdal» sidan det i berekningsgrunnlaget blei antatt at fylket hadde fått dekka alle kostnadane for tunnelsikkerheit. Å ikkje bruke desse 70 millionane til tunnelsikring er gambling med sikkerheit – og gambling med folks liv og helse om ulukka først skulle vore ute. Møre og Romsdal er blant fylka med flest tunneler på fylkesvegnettet, og kostnadane for å innfri tunnelsikkerheitsforskrifta for Møre og Romsdal er berekna til fleire hundre millionar kroner.

Med andre ord: Å bruke desse midlane til ferjene er regelrett uansvarleg.

Å bruke fond for å dekke opp for underfinansiert drift er ei dårleg midlertidig løysing, og skal heller brukast til investeringar.  Det burde det vere mogleg for dei fleste å stå saman om. Sjølv om Frank Sve har med seg ein eigenprodusert diplom frå økonomistyringa i Stranda kommune, skal eg nok klare å leve med forsøka på å stemple meg som ung og uerfaren.Vi kan gjerne øyremerke midlane til fylka – for å enno tydelegare vise underfinansieringa av dagens ferjedrift.  I tillegg bør ein vurdere elbilfordelane på nytt, og sørge for at dei må betale fullpris, slik at ein får meir rettferdige ferjeprisar. 

I fjor fiksa Sve og Framstegspartiet eit bompengeforlik  med lita betyding for folk flest – kva med eit ferjeforlik i 2020 med stor betyding for folk flest? Om du blir med på det – kjem eg til Stranda og et graut.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

jon ingar eik 30 minutter siden Møreaksen, tidenes skandale!
Ja Møreaksen er tidenes skandale, men følle prosjektet og den enda lengre omveien Hafast er mange ganger verre som ett ...
@Terje G. FinnøyDen raskeste veien er Møreaksen. Omveien er Romsdalsaksen, som også gir minst vei for pengene. Dine referanser til rette linjer ...
@Terje SundsbøMed dine uttalelser så sår du nettopp tvil om integriteten og seriøsiteten til Norstat.Og det samme gjelder vedr. KS2/del. 1 ...
@Terje G. FinnøyDet tragikomiske er det cel du som stpr for, men  flott at du nå benytter de samme referanser til SMP ...
Terje Sundsbø 6 timer siden Møreaksen, tidenes skandale!
@Rolf Erik PedersenDu lyver så det renner av deg. Jeg har aldri påstått at 80% er for Møreaksen. Jeg har vist til ...
Terje G. Finnøy 17 timer siden Verden består av mer enn lastebiler fra Sunnmøre
@Terje SundsbøDette nærmer seg en tragikomedie. Der det er forunderlig hvordan du vrir og vender, der du tilpasser din tillit/ikke tillit ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte