Annonse
KSU – Vipps – desktop
Møre og Romsdal fylkeskommune, Ingvild Gjerdset, Grete Kongshaug og Ola Hjelen
Kronikk
Møre og Romsdal fylkeskommune, Ingvild Gjerdset, Grete Kongshaug og Ola Hjelen
05 juni 2024 15:06
Del på Facebook
Frå venstre Ingvild Gjerdset, Grete Kongshaug og Ola Hjelen. Foto: Per-Kristian Bratteng/Møre og Romsdal fylkeskommune
Frå venstre Ingvild Gjerdset, Grete Kongshaug og Ola Hjelen. Foto: Per-Kristian Bratteng/Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Attraktive byar og tettstadar er eit konkurransefortrinn i kampen om arbeidskrafta fordi folk i dag er opptekne av kva staden kan tilby. Attraktive sentrum der bygningar og byrom speler saman med innhaldet er eit suksesskriterium. Viktige stikkord for å lykkast er arkitektur, bygolv og identitet.

Av: Ingvild Gjerdset, arkitekt Møre og Romsdal fylkeskommune, Grete Kongshaug, landskapsarkitekt Møre og Romsdal fylkeskommune, Ola Hjelen, arkitekt Møre og Romsdal fylkeskommune.

Annonse
Annonse

Vi treng folk

I Distrikts-Noreg i dag er det ikkje mangel på arbeidsplassar, men på folk. NHO i Møre og Romsdal uttalte 28.12.2023 til NRK at mangelen på arbeidskraft er ei av vår tids største utfordringar. Næringslivet i Molde svarte i fjor haust på ei spørjeundersøking frå Molde Næringsforum om kva dei vurderte som viktigast å jobbe med framover; øvst på lista sto rekruttering av arbeidskraft og profilering av regionen. Lenge har løysinga vore å reklamere for alle dei spennande jobbane regionen kan tilby, men det er grunn til å vurdere om andre grep må gjerast også.

«Alt starter på bygulvet», heiter ein kronikk av Rolf Thorsen, direktør for Polaris Eiendom datert 12.03.23 i Avisa Nordland, og han utdjupar slik: «Vi må snakke mer om bygulvet vårt! Det er dette gulvet som er selve suksessformelen for moderne byutvikling». Thorsen set dette i samanheng med kampen om folka: «For den moderne familie ønsker seg så mye ut av livet, at vi vil bo så tett på opplevelsen som mulig. Dette er en megatrend over hele verden. Da blir en attraktiv by også et konkurransefortrinn i jakten på fremtidens arbeidskraft. Og i denne jakten er jegerne fra hele verden.».

Vi treng arkitektur og attraktive bygolv

Bygolvet er romma mellom husa i sentrum; gater, fortau, torg, plassar og parkar, og førstetasjane i bygningane. Bygolvet speler ei vesentleg rolle for korleis byen blir brukt og opplevd. Dette er universelt, anten byen eller staden er stor eller liten. Sentrum som har lagt til rette for bruk og opphald for folk gir både betre vilkår for næring og handel, og stimulerer til betre folkehelse når vi beveger oss meir til fots og treff andre folk.

For å lukkast med dei gode byromma og dei attraktive og inkluderande byane er arkitektur eit av dei viktigaste verkemidla vi har. Som inviterer til leik eller is på ein benk i sola når ho tittar fram. Som byr på noko fint å kvile blikket på; bygningar, grøne vekstar, kunst eller utsikt til fjord og fjell. Som legg til rette for både dei tilfeldige, små møta mellom folk, og større arrangement. Som har opne førsteetasjar med næring, tenester, kultur, bibliotek og andre tilbod. Når byromma, bygningane og innhaldet speler saman oppstår magien! Den danske byplanleggaren Jan Gehl seier det så fint: «Ein god by er som ein god fest. Du blir der lenger fordi det er så kjekt å vere der.»

Annonse
Annonse

Vi treng byar med eigen identitet

Har du tenkt over at byane og stadane som er mest populære å reise til har sterk identitet? Sentrum som har historiske bygningar, er noko lunde like i høgde og volum, har harmonisk farge- og materialbruk og fine detaljar appellerer til oss. Å tørre å stole på eigne kvalitetar og dyrke eiga historie og særtrekk handlar difor ikkje berre om estetikk og trivsel, det er også business. Mellom andre Menon Economics (2017) har vist at kulturarv har økonomisk verdi. Identitet og tilhørigheit speler inn på betalingsvilje for bustad, og påverkar innsatsen innbyggarane legg ned i lokalmiljøet sitt.

Det utfordrar identiteten når (ny)bygg ikkje speler på lag med staden. På sikt kan dette føre til at byens identitet blir borte. Enkeltståande bygg som ikkje speler på lag vil konkurrere med kvarandre om merksemda. Enkeltbygg som er vesentleg høgare enn dei eksisterande vil ikkje berre kaste lange skuggar, men også endre byens silhuett. Manglande ivaretaking av heilheita kan også føre til at bygolvet ikkje heng saman og dermed blir mindre attraktivt for folk. Dette er viktige sider å tenkje på for utbyggarane som bygger byen, og for kommunane som behandlar plan- og byggesaker; kva tilfører nye prosjekt byen og sentrumslivet?

Arkitektur har gjennom historia vore nytta som uttrykk for (politiske) signal, og til dømes høgde på tårn og bygningar har vore nytta som uttrykk for makt. I moderne tid er rådhus, konsert- og kulturhus eksempel på institusjonar vi har gitt sentral plassering og tyngde i bybildet, fordi vi ønskjer at desse offentlege bygningane skal vere ekstra viktige i kraft av sin samfunnsfunksjon.

Vi treng attraktive byar og stadar

I 2023 budde 74 prosent i byar eller tettstadar i Møre og Romsdal, og trenden er aukande, slik som i resten av landet. Folk i dag vel i større grad enn tidlegare bustad der dei finn dei tilboda dei ønsker. Det er ikkje lenger nok å tilby jobbar – stadane må også by på fleire kvalitetar som gir det gode livet som framtidas innbyggjarar vil ha, slik som gode bumiljø, levande sentrumsområde med handel, nærings- og kulturliv, rekreasjon og ein enkel kvardagslogistikk. Kva slags byar og tettstadar vi planlegg og utviklar har dermed betydning for regionen si trekk-kraft på folk. Stadar med eigenart og identitet er eit konkurransefortrinn! Då må vi bry oss om heilskap, arkitektur og kulturarv.

Møre og Romsdal har vedteke mål om at vi skal ha attraktive byar og tettstadar. Vi skal bidra til å stimulere til attraktive byar, tettstadar og nabolag som gjer oss til ein attraktiv region både for dagens og framtidas innbyggarar. Fylkeskommunen kan bidra med råd, rettleiing og verkemiddel som støttar desse måla.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Hans-Peter Kaaresen 2 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 4 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Anne Mari Sandshamn 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Bjørn Nøstvold 7 dager siden Venstre gir seg selv en rett venstre
Ønsker en forandring, stemmer en for forandring.
Vidar Hölm 8 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse