Kristiansund har plassert eit nytt, fargerikt bygg og eit nytt torg midt i byen. Det var klokt.
Av: Møre og Romsdal fylke ved: Grete Kongshaug (landskapsarkitekt), Camilla Wiik (rådgivar kunstformidling), Ingvild Gjerdset (arkitekt), May Britt Roald (rådgivar næringsutvikling), Lillian Sæther (rådgivar reiseliv), Svein Ole Storøy (arkitekt).
Campus Kristiansund er eit skuleeksempel på at lokalisering av nye bygg, tenester og tilbod i sentrum er ei skikkeleg vitaminbombe. Allereie no ser vi campuseffekten; fleire vel Kristiansund som studiestad, bedrifter pakkar sakene og flyttar inn til sentrum, bustadmarknaden har fått ein oppsving og nye idear myldrar. Vi trur at plasseringa av Campus Kristiansund i sentrum har fått mange til å sjå på byen med nye auge- og byhjartet til å slå med raskare puls.
Attraktive byer og stader tiltrekk seg folk
Kvifor er plasseringa av Campus Kristiansund i byhjartet så avgjerande? Jo, fordi det bidrar til eit levande sentrum, og fordi levande sentrum tiltrekk seg folk og arbeidskraft. Ikkje nok med det; denne hjartemedisinen har og ein positiv biverknad; folk trekk fleire folk, og der det er folk oppstår nyskaping og næringsutvikling.
I ei bedriftsundersøking for NAV i 2024 les vi at mange bedrifter i fylket vårt slit med å rekruttere kompetansen dei treng. Dette er såpass alvorleg at det blir åtvara om at mangel på arbeidskraft kan gå ut over både tenestetilbod og konkurranseevne. Den største utfordringa for både offentlege og private arbeidsgivarar er - sett på spissen - å få tak i nok folk til å gjere jobben.
I dag vel folk i større grad enn før å busette seg der dei kan finne det gode livet dei ønsker. Folk søker ikkje berre jobb. Dei vil ha gode bumiljø, levande sentrumsområde med handel, nærings- og kulturliv, trygge skulevegar og mange fritidstilbod.
I byutviklingsprosjektet «Byen som regional motor» blei det i 2015 gitt ei klar anbefaling ; sats på vitale bykjernar med urbane kvalitetar og møteplassar. Legg utdanningsinstitusjonar, handel og tenestetilbod i sentrum. Ved å legge til rette for byliv, aukar tilgangen på, og moglegheiter for å rekruttere kompetent arbeidskraft. Sitata under frå studenten og heimflyttaren er eit bevis på at det faktisk er slik:
«Jeg trodde aldri jeg skulle flytte hjem, sier forsker og marinbiolog Trond Roger Oskars hos Møreforsking ved Campus Kristiansund i eit intervju til Tidens Krav publisert 27. 09 2024. Uten Campus hadde vi blitt værende i Bergen, sier han helt bestemt»
«Campus bidrar til at Kristiansund blir mer attraktiv, og jeg kjenner mange unge som vil flytte hjem igjen til byen, sier student Kristin Chen til nettavisa “Panorama” 15. august i samband med opninga av haustsemesteret 2024.
Eit godt grep som er gjort på Campus er å plassere eit mangfald av arbeidsplassar, tilbod og tenester i same bygg. Her finn vi offentlege institusjonar, bedrifter og næringsliv, forsking og utdanning. Felles arenaer legg til rette for samarbeid og utveksling av kunnskap. Laboratorium, kantine, auditorium og arrangement er tilgjengeleg for både studentar, tilsette og besøkande. Studentar kan bygge nettverk med lokale fagfolk og saman engasjere seg i ulike prosjekt, og ulike fagmiljø kan styrke kvarandre. Den gode atmosfæren handlar og om møte over ein god kopp kaffi, ein engasjerande prat i gangen og at det er mykje å vere med på. Dette gjer campusmiljøet dynamisk og spanande – og attraktivt.
Eit bygg og ein by fungerer på mange måtar likeins. Dei fysiske rammene og innhaldet legg føringar for korleis dei blir brukt, og om dei blir opplevd som ein god stad å vere. For byen gjeld det å ha mange tilbod og tenester, bygg med inviterande 1. etasjar, trygge, opplevingsrike gater å gå i dit du skal og moglegheit for å sitte ned på eit fint torg med fargerike blome. Slå av ein prat med kjente og nokon du kanskje ikkje kjenner? Eller berre sjå på ungar som leiker og folk som kjem og går. Når byromma, bygningar og innhaldet spelar saman, oppstår byen sin magi; spenninga mellom omgivnadene og opplevingane. Tidlegare kommunal- og distriktsminister Knut Arild Gram sa det slik: “Ein attraktiv stad er som kjærleik – vanskeleg å beskrive, men lett å kjenne igjen».
For å skape byar som trekk folk må vi fortsette i same spor som Campusprosjektet. Vi må kombinere rett lokalisering med utadvendte, innhaldsrike bygg som bidrar til by- og gateliv. Campus Kristiansund lovar godt. Gratulerer!