Ap her i fylket med fylkesleiar Kjølmoen er i full «spagat» og panikken råder. Fødetilbud? – kva er det Ap og Per Vidar Kjølmoen forsøker seg på her?
I sitt fylkesstyrevedtak seier Ap her i fylket:
«støtter opprettholdelse av et fødetilbud i Kristiansund også etter at fellessykehuset står ferdig. Det er en klar forutsetning at dette skjer innenfor forsvarlige faglige og økonomiske rammer».
Kva for ei kvasiløysing er dette?
– Er det eit jordmorkontor i det nye DMS et eller kva er dette?
Det er ikkje eit «fødetilbud» Kristiansund og Nordmøre har behovet for, men ei fullverdig fødeavdeling med alle dei funksjoner som er nødvendig.
Det er KUN ei fødeavdeling som er truverdig i denne saka, og når Ap seier at eit fødetilbud skal vere forankra i faglige og økonomiske rammer veit vi alle svaret frå Helse Møre og Romsdal.
Nei, dette var rett og slett pinlig av Ap her i fylket, og eg utfordrar Ap og Per Vidar Kjølmoen til å klart svare på følgjande spørsmål:
Støttar Ap i Møre og Romsdal ei fullverdig fødeavdeling med alle nødvendige funksjonar i Kristiansund og på Nordmøre etter at SNR står ferdig?
– Ja eller nei?
Møre og Romsdal FrP og vår Stortingsgruppe går for ei fullverdig fødeavdeling i Kristiansund også etter at SNR står ferdig, og dette håpar vi vert vedteke i Stortinget når saka kjem til behandling, stemmer Ap dette ned i Stortinget ligger det fulle og heile ansvaret for nedlegging av fødeavdelinga i Kristiansund, på heile Ap i Møre og Romsdal med Tove-Lise Torve og Per Vidar Kjølmoen i spissen.