Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Lars Valderhaug
Ytring
30 mai 2020 17:01
Del på Facebook
Flytebru til Otrøya og trasé til Hjelvik (110 km/t) er forlatt pga høye kostnader. Møreaksen med nødvendige tillegg: Ørskogfjellet–Julbøen–Lønset. Romsdalsaksen: Hjelvik–Lønset. Lønset–Hjelset er likt for begge alternativ. Kart: Statens vegvesen
Flytebru til Otrøya og trasé til Hjelvik (110 km/t) er forlatt pga høye kostnader. Møreaksen med nødvendige tillegg: Ørskogfjellet–Julbøen–Lønset. Romsdalsaksen: Hjelvik–Lønset. Lønset–Hjelset er likt for begge alternativ. Kart: Statens vegvesen
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Før fylkestingsvalet i fjor var det fleire politiske parti som lova å gå inn for å få utgreidd Romsdalsaksen. For å sikre seg styringa med dette, snudde Statens vegvesen Midt (SVVM) 180’ og kuppa denne utgreiinga, til protestar frå mange som frykta at dei ville ha Møreaksenbrillene på i dette arbeidet, noko som viste seg å vere rett. SVVM har juksa med talmaterialet, noko eg har dokumentert ved avisinnlegg i Tidens Krav, Romsdals Budstikke, Vestnesavisa og Sunnmørsposten. SVVM har ikkje gjort forsøk på å vise at eg tar feil.

Dette har eg og dokumentert i eit nytt avisinnlegg i Tidens Krav, Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten under tittelen «Kva gjer fylkespolitikarane?» Då ingen har svart på dette, stiller eg hermed fylgjande ope spørsmål til fylkesordførar Torve og leiar Sørheim i samferdselsutvalet i fylket:

Korleis har dei politiske partia overhalde sine lovnader om å gå inn for at Romsdalsaksen skulle utgreiast, og korleis har dei aktuelle fylkeskommunale organa fylgt opp dette? Meiner de at denne lovnaden er innfridd? I tilfelle ja, ver venleg å vurdere dette i lys av dei alvorlege skuldingane om juks som SVVM er skulda for. I tilfelle nei, kva vil de gjere med det?

Og uavhengig av lovnader, korleis har dei aktuelle fylkeskommunale organa forheldt seg til rapporten frå desember i fjor frå SVVM om utgreiing av Romsdalsaksen? I lys av kor viktig denne saka er for fylket vårt, skal vel fylket sine folkevalde ta stilling til denne utgreiinga, som representerer heilt andre vegliner og løysingar enn førre gong fylket uttalte seg om denne viktige saka?

For å få ei mest mogeleg uhilda utgreiing av Romsdalsaksen, er det ynskjeleg at Nye Veier AS får vide fullmakter til å vurdere denne viktige saka i heile si breidde. Er de samde i det? Dette kan gjerast utan at det går ut over framdrifta av ei fergefri løysing for Romsdalsfjorden/Moldefjorden, og utan at realismen i ei slik løysing blir svekka, snarare tvert imot.

Det er no på høg tid at Møre og Romsdal fylke og SVVM fylgjer opp føresetnaden om at flytebrualternativet K5 skulle bli nærare vurdert når dei teknologiske føresetnadane var til stades for ei slik løysing, noko Statens vegvesen har prova lenger sør langs kysten vår. Er de samde i det? Som påvist, så finnast enkle og gode løysingar på dei problema som SVVM såg for gjennomføring av Romsdalsaksen.

Å få redusert kostnadane for fergefri E39 har vore ei overordna målsetjing for Staten i mange år. Dette har ikkje blitt mindre viktig i desse Koronatider. Dersom vi ikkje lukkast med det, kan heile denne dugnaden stå i fare. Dette må også gjelde for vår del av dette prosjektet. Derfor må alle steinar snuast for å optimalisere dette, som å utgreie Romsdalsaksen på ein ærleg og seriøs måte. Er vi samde om det?

Sjå på kartet! Er de i tvil om at Romsdalsaksen, som går ifrå Hjelvik til Lønset, både kostnadsmessig, trafikkmessig, miljømessig, og på mange andre måtar, er viktig å få utgreidd, som føresett, no når vi har teknologi til å realisere dette alternativet?

Dersom de tvilar på mine faglege kunnskapar, eller ikkje tykkjer at eg er svar verdig, så kan de, om ikkje så lenge, førebu dykk på å høyre frå eit fagmiljø som de ikkje kan neglisjere.

Fylket vårt står overfor mange utfordringar når det gjeld å skape gode relasjonar fogderia imellom. Ein føresetnad for å kunne oppnå det, er at vi kan stole på kvarandre, og at politikarane held det dei lovar.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Innlogging

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

jon ingar eik 2 timer siden Møreaksen, tidenes skandale!
Ja Møreaksen er tidenes skandale, men følle prosjektet og den enda lengre omveien Hafast er mange ganger verre som ett ...
@Terje G. FinnøyDen raskeste veien er Møreaksen. Omveien er Romsdalsaksen, som også gir minst vei for pengene. Dine referanser til rette linjer ...
@Terje SundsbøMed dine uttalelser så sår du nettopp tvil om integriteten og seriøsiteten til Norstat.Og det samme gjelder vedr. KS2/del. 1 ...
@Terje G. FinnøyDet tragikomiske er det cel du som stpr for, men  flott at du nå benytter de samme referanser til SMP ...
Terje Sundsbø 7 timer siden Møreaksen, tidenes skandale!
@Rolf Erik PedersenDu lyver så det renner av deg. Jeg har aldri påstått at 80% er for Møreaksen. Jeg har vist til ...
Terje G. Finnøy 18 timer siden Verden består av mer enn lastebiler fra Sunnmøre
@Terje SundsbøDette nærmer seg en tragikomedie. Der det er forunderlig hvordan du vrir og vender, der du tilpasser din tillit/ikke tillit ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte