Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Ingvild Fonn Asmervik og Mads Løkeland-Stai
Ytring
08 desember 2020 21:25
Del på Facebook
Foto: Naturvernforbundet
Foto: Naturvernforbundet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Av: Ingvild Fonn Asmervik og Mads Løkeland-Stai, Naturvernforbundet

Nikkel, koppar, litium, kobolt og grafitt er nokre av materiala som blir brukte i batteri til el-bilar. Mange gruveselskap vil levere desse materiala, men etter press frå kundane, stiller bilprodusentar nye og strengare krav til korleis batteria blir produserte.

Produsentane godtek ikkje lenger at materiala har blitt vinna ut på naturen si rekning, og mange vil ikkje handle med gruveselskap som bruker sjødeponi. Norske selskap som ønskjer å levere material til elektrifisering, eller sjølv produsere batteri, bør merke seg denne internasjonale utviklinga.

Det finske gruveselskapet Terrafame, satsar på å setja opp verdas største fabrikk for produksjon av nikkel til batteri i 2021, og direktør Joni Lukkaroinen sa nyleg: «Kundane er vil ha berekraft. Det er årsaka til at elektrifiseringa skyter fart. Europeiske kundar vil vite kvar metallet kjem frå, og korleis det blir vunne ut – ikkje barnearbeid, ikkje sjødeponi – kundane seier klårt nei til slikt.»

Industri- og gruveselskapet Eramet, som har tre smelteverk i Noreg, skal produsere nikkel frå ei ny gruve i Indonesia, og avviser å dumpe gruveavfallet i sjø. Miljødirektør Samuel Dufay uttalte nyleg: «Dette er ein gamal praksis frå den industrielle revolusjonens tid på 1800 talet, ein æra vi trudde var forbi. Den finst likevel også i dag, i 15 av verdas 2.500 gruver. Det er ikkje til å tru at nokre gruveselskap vurderer å bruke dette i prosjekt som skal levere til produksjon av elektriske bilar. Eramet har teke ei klår og fasta haldning, vi vil ikkje bruke denne teknikken.» Til EU-kommisjonen skriv Eramet at sjødeponi bør bli svartelista: «Using this solution would damage the efforts made to ensure the greening of the whole battery supply-chain, hence it must be blacklisted.»

Bilprodusenten BMW slutta seg i år til IRMA, eit system for miljøstandardar i gruvedrift, som ikkje aksepterer dumping av gruveavfall i sjø. Tesla har nyleg forsterka miljøkrava til dei som skal levere material til batteriproduksjon, og ikkje lenge etter Teslas utspel, trekte eit kinesisk selskap søknaden om dumping av avfall i sjø frå ei ny indonesisk nikkelgruve.

I Noreg er det fleire selskap som planlegg å starte produksjon av batteri eller å levere material til produksjon av el-bilar og andre område for elektrifisering. Den internasjonale utviklinga tyder på at også dei norske selskapa bør halda seg langt unna material produsert i gruver der gruveavfallet blir dumpa i sjø. Dette bør investorar merke seg.

Vi minner om vedtaket på den internasjonale naturvernkongressen i 2016 (IUCN): «Ber alle statar å forby deponering av gruveavfall i sjø for nye gruver så snart som mogleg, og å planleggja ein stopp for pågåande sjødeponi.» I 2019 la Chile ned forbod mot dumping etter 2023. No er det på tide at også Noreg følgjer opp, for ikkje å koma heilt i utakt med internasjonal utvikling.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøKva ÅDT meiner du må inn i regnestykket? Og kva blir bompengesatsen i gjennomsnitt? Husk kva Klimautvalet skreiv i sin rapport. ...
@Geir Ole SætremyrDu legger til grunn historiske ÅDT på ferge for Kjerringsundet. På Nordøyvegen har det vist seg at ÅDT øker kraftig ...
@Terje SundsbøFor å hjelpe på, dekan godt simulere ein pris på 150 for personbil og kompensere med tilsvarand naudsynt takst for ...
@Terje SundsbøKortversjonen er at du ikkje evner å sette opp regnestykket basert på økonomiske fakta. 
@Geir Ole SætremyrKortversjonen er at du ikke kan forklare hvorfor dine fantasitall for bompengene på Kjerringsundet blir så mye større enn på ...
Bergtor Roald Opsett 1 dager siden «Nordstjernen» – en historisk hurtigrute fra 1956
Seilte som deksgutt, sommer 1969. Gode minner, og spesielle minner. Deksstilling passet ikke for meg. Sommer 1975, seilte jeg som Motormann ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse