Sp og Ap kuttar i ferjedrifta, og viser med all tydeligheit at dei ikkje bryr seg om alle dei som kvar ein einaste dag er avhengig av ferjetilbodet her i fylket.
FrP fremma eit klart og tydelig framlegg i fylkestinget om å reversere kutta innan ferjedrifta som Sp og Ap ville innføre.
Dette er omfattande ferjerutekutt i snart alle ferjesambanda i fylket, som vi i FrP meiner er aldeles greinalaust å gjennomføre.
Kvifor kutte i ferjedrifta når fylkeskommunen lever i sus og i dus, og går med svimlende 313,5 mill kr i overskot i drifta?
Eg blir direkte provosert over å høyre Sp og Ap, som rett og slett forsøker å lure innbyggjarane, seier ein ting før valga, og gjer stikk motsatt etter.
Frå før har dei raudgrøne partia i fylket radert budsjetta, med kraftige kutt innan dei vidaregåande skulane i fylket, legg ned vidaregåande skule samt tannklinikkar, og aukar kraftig administrasjonen på fylkeshuset på Molde.
FrP vil fortsette å kjempe for ferjedrifta, og for å kutte i ferjeprisane.
Vi gjev oss aldri!