Det skal bli greinalaust tunellsyn, i dei heile 3 mila med tunellar som er planlagd på Møreaksen.
Dette betyr at ved ulykker, branner eller el-bilar tomme for straum, raskt medfører totalstopp for E39 gjennom fylket.
Å prestere og planlegge E39 inne i fjellet i tullete tunellar i 3 mil igjennom eit av verdas vakreste fjordområder, er ikkje berre greinalaus men rett og slett idiotisk.
Kven har kome på noko så komplett hjelpeslaus, når det finnast klart bedre alternativ oppe på sjøen som er både billigare og tryggare?
Romsdalsaksen er kome for å bli, og vi i FrP kjem til å gjere det vi kan i forhandlingane med regjeringa ang ny Nasjonal transportplan, for å kunne skrinlegge Møreaksen ein gong for alle.
Og, kven skulle tru at FrP klarte til slutt å få til eit bomfritt Møre og Romsdal, ved at vi no river bommen på Tresfjordbrua.
Reknar med at det blir nye knivingar med Helge Orten og regjeringa, for å kunne hindre bompengar på Lønset-Hjelset, og skrinlegge «galematias»-prosjektet Møreaksen.
Merkeleg greier forresten dette her med Høgre og deira iver etter nye prosjekt med bompengar, jaggu bra at vi i FrP har klart å fjerne fleire bompengeprosjekt her i fylket, og er FrP sterke nok klarer vi å stoppe det Høgre og andre måtte finne på å kome med av bompengar i framtida.
Bomfritt Møre og Romsdal blir resultatet, og det har vi i FrP tenkt å sørge for blir slik også i framtida, då kan ikkje Høgre og Helge Orten få pulverisere fylket vårt med milevis med bompengetunellar som ingen egentlig vil ha.