I «NM» i auka ferjeprisar, tok Ap og Sp sigeren, i hard kamp med SV, KrF, V og MDG.
Når nokon går ut og lovar, gratis ferjer slik Sp gjorde og halvering av ferjeprisane slik Kjølmoen og Ap seier – for så å gjere stikk motsatt, burde egentlig dei fått «sigeren» i forsøk på å forlede innbyggjarane her i fylket.
Ap og Sp kan når som helst setje ned ferjeprisane her i fylket.
I fylkesutvalgsmøtet den 25. januar, vart det hard kamp for å forsøke å hindre oss i FrP med å fremje og kunne stemme over kutt i ferjetakstane med to takstsoner.
Dei forsøkte å bruke fylkeskommunedirektøren, juridisk sjef, i eit forsøk på å hindre meg og FrP å kunne fremje eit framlegg i eit lovlig sett møte, i ein demokratisk prosess.
Heldigvis klarte dei ikkje dette, og måtte stemme over framlegget, og då fekk Ap, Sp og resten av raudingane vise kva dei egentlig står for i ferjetakstsaka.
Men, framlegget om kutt i ferjetakstane kjem igjen frå oss i FrP i neste fylkesutvalgsmøte i februar og mars og i fylkestinget i april.
Ferjetakstane SKAL ned!
Så får Ap og Sp fortsette sitt NM i auka ferjetakstar, og auke skattar og avgifter til himmels slik desse partia ynskjer også på Stortinget.