Møreaksen er som to torpedoar midtskips i realiseringa av E136 Romsdalen.
Høgre har lurt Ap og Sp til å støtte prioriteringa av Møreaksen til svimlende 25 milliard kr, og som medfører null kr til realisering av «Eksportvegen» E136 gjennom Romsdalen.
I mange tiår har ein kjempa for 2–3 milliard kr for å realisere Eksportvegen E136 Romsdalen utan å lukkast, kven trur då på at dette blir betre ved å prioritere Møreaksen til 25 milliard kr?
Møreaksen må stoppast for at andre vegprosjekt her i fylket slik som E136 Romsdalen kan gjennomførast så raskt som råd.
Blir Møreaksen prioritert vil realiseringa av E136 Romsdalen bli skubba ut i ei alvorleg ørkenvandring i tid, sannsynligvis utsatt med tiår.
FrP har utbygging av E136 gjennom Romsdalen på topp i våre prioriteringar, og kjem til å forlange at dette blir prioritert, og at Møreaksen blir skrota.
Ap og Kjølmoen, Sp og Høgre vil sløse vekk 25 milliard kr på Møreaksen som folket her i fylket ikkje vil ha, vi i FrP vil heller ha E136 gjennom Romsdalen prioritert og utbygd NO!