Annonse
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
Ytring
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
17 mars 2021 16:30
Del på Facebook
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet. Foto: Senterpartiet
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet. Foto: Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Før jul sørga regjeringa og støttehjulet Frp for at tingrettane i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund blir slått saman til berre ein tingrett. Jordskifterettane i Surnadal på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre blir òg slått saman.

Eitt av argumenta for tidenes sentralisering av norske domstolar var at det angiveleg var rekrutteringsproblem til dei små domstolane. Dette påstod dei sjølv om det har variert veldig kor lett det har vore å få tak i folk både ved små og store domstolar. Ved den eine snart samanslåtte domstolen etter den andre landet over er det svært få reelle søkarar til stillingane som domstolleiar.

Fordi det var mykje motstand mot sentraliseringa i haust, kom regjeringspartia og Frp med mange lite gjennomtenkte lovnader. Dei hevda mellom anna at alle domstolar skulle bestå sjølv om det vart mange samanslåingar. (Men 42 domstolar blir i praksis gjort om frå sjølvstendige domstolar til underavdelingar under nye, samanslåtte domstolar.) For å prøve å legge innhald til denne usannheita hevda dei at dei nye domstolane ikkje skal ha eit hovudsete.

For Møre og Romsdal sin del betyr det at domstolleiaren i tingretten må pendle mellom Ålesund, Volda, Molde og Kristiansund. Det skal vel ikkje så mykje fantasi til for å forstå at Molde og Kristiansund i all hovudsak blir utan domstolleiar store deler av tida viss vedkomande som får stillinga allereie bur i på Sunnmøre. Dersom en nye domstolleiaren skal vera på reisefot stadig, vil dette sjølvsagt vil vera svært dårleg bruk av tid og ressursar. Det er ein grunn til at vi i Senterpartiet ville at alle domstolane skulle fortsette å eksistere med stadleg leiing.

Regjeringspartia og Frp hevda vidare at færre sorenskrivarar betyr at dei som ikkje lenger har ein domstol å vera leiar for, skal gjerast om til ordinære dommarar i praksis, men behalde tittelen. Dermed skal dagens sorenskrivararar i Kristiansund, Molde og Volda eller Ålesund som ikkje held fram som domstolleiarar bli løna som leiarar utan å vera det. I tillegg går den nye domstolleiaren for nye Møre og Romsdal tingrett opp i løn grunna fleire tilsette. Dette blir kostbart. Desse prinsippa gjeld òg for jordskifterettane.

Regjeringa og Frp påstår at dei nye domstolleiane skal reise rundt mellom rettsstadene. Slik går dei inn for at landets domstolleiarar blir svært dyre pendlarar som skal leie tilsette på opptil fire ulike stader samtidig. Når det gjeld jordskifterettane, er avstanden mellom Surnadal, Molde og Ørsta også mildt sagt stor.

Det ironiske oppi alt dette er at domstolreforma med alle samanslåingane blir køyrt gjennom på svært, svært kort tid for at regjeringa skal rekke å få endringane gjennom før stortingsvalet til hausten. Reforma blir iverksett frå månadsskiftet april/mai. Medan folk, offentlege etatar og næringsliv i landet for øvrig må forhalde seg til ein pandemi og ha så lite reiseaktivitet som mogleg, legg regjeringa opp til unødvendig mykje reising mellom domstolane.

Domstolreforma er ei av mange store og sentraliserande endringar som regjeringa og støttehjulet FrP har stått bak i snart åtte år. Vi i Senterpartiet vil straks gjenopprette dei tingrettane og jordskifterettane som regjeringa snart legg ned dersom vi kjem i regjering frå hausten av. Det vil vera eit enkelt grep å gjeninnsette dei same domstolleiarane om dei framleis vil ha jobben. Den vesentlege føresetnaden for alt dette er imidlertid eit regjeringsskifte der Senterpartiet sit med ei sterk hand på roret.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 45 minutter siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 2 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrSom jeg allerede har påpekt, KS2-rapporten angir alle kostnadsøkninger som bompengefinansiering. Dette vil de fleste mene ikke er rimelig. KS2-analysen skal ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøFastsetting av bompengar, beløp som skal betalast har fleire element i seg.  Vurdering av dette ligg i oppdraget frå Finansdepartementet. 1. ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu er så blendet av dine argumenter at du ikke innser din egen selvdyrking av agendaen din .Men forhåpentligvis får ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse