Annonse
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Ytring
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
21 mars 2021 11:57
Del på Facebook
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Kristin Sørheim, fung. gruppeleiar for fylkestingsgruppa til Sp
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frank Sve har rett i at  E 136 utbetring av Romsdalen kan bli utsett og dra ut i tid, sjøl om Helge Orten seier det er sett av 3 mrd. til prosjektet.

Grunnen til det er H og FrP sin baby, «Nye Veier». Nye Veier har fått tildelt ei mengd store prosjekt, med beskjed om å gjennomføre det som gjev mest samfunnsøkonomisk nytte først, og utan politisk innblanding i rekkefølgja. Slik ramma er no, kan dei i beste fall bli ferdig til 2041. Så dette er eit prokuratorknep frå H, men også eit resultat av FrP sin politikk i regjering. Evalueringar av Nye Veier er absolutt ikkje eintydig i at dette gjev svært mykje billegare og raskare vegar. Sanninga er vel at om Statens vegvesen hadde fått avsett pengar til å bygge ferdig Romsdalen, ville det kosta det same eller helst mindre. Så da kan FrP i Stortinget sikre heilskapleg utbygging av Romsdalen ved å stemme i lag med SP i Stortinget for å prioritere prosjektet først i NTP og ikkje overlate det til Nye Veier.

FrP kan også stemme i lag med SP for å styrke utbetring og vedlikehald av fylkesvegar og gratis og billegare ferjer. Frank Sve kjenner kvar krik og krok på fylkesvegane våre og veit at fylket ikkje maktar utbetringar og nybygg av bruer, vegar, tunnelar og rassikring utan bompengar eller at staten tek eit større økonomisk ansvar for transportsystemet.

Utbetring av E 39 over Fursetfjellet og Bergsøya-Aspøya for å få 90 km/t er heller ikkje prioritert frå fylket. Dette er av dei beste vegane på Nordmøre, og midlane burde heller vore brukt på E 39 Astad-Bjerkeset eller RV 70 Ålvundfjorden, eller for den del innfartsvegen til Kristiansund. FrP kan også støtte SP i dette når NTP skal behandlast.

Med FrP og Frank Sve «ute av fengsel» kan det meste ordne seg.

Av: Kristin Sørheim (SP)

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse