Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Terje Albregtsen
Ytring
25 mars 2021 09:27
Del på Facebook
Illustrasjon: Terje Albregtsen
Illustrasjon: Terje Albregtsen
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Planane for ferjefri E39, med Møreaksen som eit ledd i ferjefri E39, er alt for smått tenkt for Møre og Romsdal.

Viss det er så at vegen frå sør kjem inn i fylket i Stryn, så er det vel ikkje til å unngå at han må innom både Volda – og eit par meter innom Ørsta. Då har Indre Søre fått sitt, og Ytre Søre må få sitt – om så berre litt.

Det er heilt meiningslaust om ikkje vegen tar turen til Herøy og Fosnavåg. Med dagens teknologi kan vi ikkje sjå bort frå at det lar seg gjere å trekke røyr i havet frå Runde til Alnes på Godøya. Problemet er at Ulsteinvik blir forsømt, viss dei ikkje blir med på vegen ut til Herøy.

Valet kan stå mellom Runde og Ulstein. Skal vegen innom Ulsteinvik, så kan han halde fram snarvegen om Flø, før han går over Breisundet til Godøya i Giske, og vidare til Valderøya og Vigra.

Då ligg snart Nordøyvegen ferdig og ventar på å bli knytt saman med Vigra. Berre med eit enkelt knep blir Nordøyvegen forlenga til Sandøya og Ona, slik at Ålesund by blir øyfast.

Med moderne teknologi er det den minste sak å smyge vegen fram frå Ona over Flatfles og Bjørnsund til Bud. Der ligg alt Atlanterhavsvegen snorrett til Kristiansund. Einaste som trengs er litt lysregulering på dei smalaste partia langs Hustadvika.

At det bur ein grunneigar på Otrøya i Midsund og ein avdanka bokhandlar i Molde som ikkje får sjå E39, det er fullstendig uvesentleg.

No har E39 alt blitt så ferjefri, så no kan han halde fram som ferjefri veg frå Kristiansund til Tusna og Aure, før han smyg seg vidare inn i Trøndelag, og langs etter Trondheimsleia fram til E6 i Trondheim.

Skal E39 bli ferjefri, så får vi finne fram til dei traséane som gjer han verkeleg ferjefri – ut mot havet. Slik kan det maritime miljøet i Møre og Romsdal få vist verda at vi ikkje treng ferje i ferjefylket.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Lama Vik · 3 år siden
    Artigt innlegg:) Eg trur alle blir godt nøgd eg, Albregtsen.

    Med Møreaksen blir alle øyane i fylket landfaste. Frå Fosnavåg og Gursken i sør til Frei og KSU i nord. Her blir alle vinnarar, og fylket blir knytt saman.

    KSU har fått Krifast og Atlanterhavsvegen og har dobbelt fastsamband, Fosnavåg køyrer ferjefritt til Hovden flyplass. Ålesundarane er landfaste med Vigra flyplass. No er det på tide å forsere Romsdalsfjorden, fylkets mest traffikerte ferjesamband.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Stig Aksnes · 3 år siden
      @Lama Vik Det eineste du har rett Mr Vik er at det nå er på tide å gjøre Romsdalsfjorden fergefri og der er vi enige. Fergefri Romsdalsfjord er nettopp det Romsdalsaksen gjør. Godt du endelig har tatt det innover deg.

      Atlanterhavsveien og krifast har absolutt ingen ting inn i denne likningen å gjøre for å forsvare denne såkalla Møreaksen eller Midsundaksem som jeg vil kalle den. 
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Lama Vik · 3 år siden
      @Stig Aksnes Flott at vi er samde Stig! Romsdalsfjorden er det største hinderet for å få til vekst i fylket, og styrke ein viktig verdiskapingsregion. Tenk på all den tid du vil spare frå KSU til Ålesund, Stig. No er det i hovudsak mellom Ålesund og Molde at det største potensiale ligg, mellom anna med fjordkryssing og ny veg over Sjøholt/ Ørskogfjellet, men det er jo også fleire strekningar nord for Molde som vert kraftig utbetra.  Derfor er det kanskje eit lite paradoks at engasjementet for Romsdalsfjordkryssinga ser ut til å vere svært høgt på KSU.no? Ser du nevner Romsdalsaksen, eit privat initiativ forlengst forkasta av fagmiljøet.  Hovedproblemet er at det ikkje svarer på oppgåva- å knyte regionen saman. Tenk til dømes timeekspressen Volda- KSU. Bussen må bruke ein time ekstra på å svinge vestover mot Molde. 
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Sundsbø · 3 år siden
      @Stig Aksnes Møreaksen erstatter 4 fergesamband, mens Romsdalsaksen erstatter bare 2 fergesamband. Det er ikke Romsdalsaksen, men Møreaksen som gjør Romsdal mest fergefri.
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Albregtsen · 3 år siden
      @Stig Aksnes Midsundaksen var ikkje dum. Men no går jo planen ut på å lage eit hol i Otrøya  - "Hølet i Otrøya" - og ikkje i Midøya. Og kva med namnet "Dahl-Orten-aksen"?
    • Denne kommentaren er avpublisert.
      Terje Albregtsen · 3 år siden
      @Lama Vik Timeekspressen KSU-Volda går heller ikkje til Ålesund sentrum. Dei som skal dit må byte buss på Moa. Med Romsdalsaksen blir det ikkje stort verre å byte buss i "Hølet på Hjelset".

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDette er politikk gjennom Regjering og Storting.Det er ikkje noko Naturvernforbundet arbeider med, men vi registrerer kva rammeverk som er ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrDu svarer ikke på spørsmålet. Er det vanlig praksis i Naturvernforbundet?
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDu må adressere dette hos andre.
Terje Sundsbø 4 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Geir Ole SætremyrPå Møreaksen betaler bilistene bompenger, på jernbane betaler passasjerene billett. Mitt spørsmål gjelder fortsatt:Hvorfor behandles lokal forankring og finansiering ulikt ...
Terje Sundsbø 4 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Anne Mari SandshamnSkålaveien var ikke et fergeavløsningsprosjekt, og mottok aldri offentlig støtte. Skålavegen ble bygget som en privat vei i regi av ...
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Særinteresser og Eksportveikonferansen
@Terje SundsbøDer er ei forskell  Møreaksen skal delfinansierast via bompengar. Jernbane via passasjernbilett.80% staleg finansiering av Møreaksen.  Vesentlig statlig bidrag til finansiering ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse