Det er teoretisk umulig å få fleirtal for Møreaksen i statsbudsjetta fremover, verken borgarleg eller raud/grøn regjering vil kunne oppnå fleirtal.
Else-May Norderhus (Ap) hevder dette ikkje stemmer, men kva statsbudsjettet har Ap dei siste 8 åra støtta?
Sjølvsagt ikkje eit einaste, då Erna har lagt fram frå borgarleg side og statsbudsjetta er vedteke av dei fire borgarlege partia.
Når støtta FrP eller til dømes Høgre eit statsbudsjett i dei 8 åra Ap hadde statsminister?
Aldri!
Slik fungerar det på Stortinget Else-May Norderhus, og eg håpar verkeleg Norderhus som skal ta over som ny fylkesmann her i fylket, forheld seg betre til realitetane i framtida.
At Ap her i fylket er panisk for Møreaksen, på snart 400 m under fjorden og igjennom Molde, totalt mot innbyggjarane si vilje, er rett og slett uforståeleg.
Innbyggjarane ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer.
Innbyggjarane vil garantert seie si meining den 13. september i stortingsvalget ang. Ap, Sp og Høgre sin iver mot innbyggjarane si vilje her i fylket:
- Innbyggjarane seier NEI til Møreaksen
- Innbyggjarane kan også seie NEI til Ap, Sp og Høgre i stortingsvalget
Stem NEI til Møreaksen, stem FrP!