I dei 4 siste åra har prosjekt til 4,4 milliard kr vore inne i vedteken NTP for vårt fylke, uten at Orten og co har klart å få inn i dei årlige statsbudsjetta 1 kr eller bygd 1 m veg.
Kva realisme er det plutseleg no, at Møre og Romsdal skal få 30–40 milliard kr i statsbudsjettet?
Møreaksen er heldigvis sjanselaus, uansett regjering.
Ny borgarleg regjering blir sjølvsagt ikkje utan FrP, og framtidig statsbudsjett der blir ALDRI med Møreaksen.
Skulle det gå så gale at raudingane dannar regjering, så får heller ikkje Ap og Sp fleirtal der, og Møreaksen vil heller ikkje der få fleirtal i framtidige statsbudsjett.
Rv. 15 Strynefjellet og uproblematiske prosjekt kjem heldigvis til å bli prioritert, likeså E136 Romsdalen og rv. 70.
Pandemien kjem sjølvsagt til å strupe igjen pengepungen til staten i mange år framover, og det blir stramme statsbudsjett.
Såleis blir dette rett og slett berre tøv – Høgre, Sp og Ap gjer det dei kan for å tråkke innbyggjarane her i fylket på føtne, lyttar ikkje og gjer stikk mot folkeviljen i Norges dyraste og mest upopulære vegprosjekt.
Løysinga er å rett og slett vise desse partia kven som bestemmer her i fylket, innbyggjarane eller Orten, Sp eller Ap?
Stortingsvalget 13. september er DIN muligheit til å bestemme, og det er DU som bestemmer kven som kjem på Stortinget frå vårt fylke.
Stopp Møreaksen, stem FrP.