Tunellbrannen i Strynefjellstunellen og fleire andre brannar minner oss alle om at milevis med tunellar, sågar eitløpstunellar i Møreaksen er totalt meiningslause brannfeller.
Møreaksen er utgått på dato, ingen bygget milevis med 1-løps tunellar i moderne tid, og undersjøiske tunellar ned på snart 400 m, når ein lett og enkelt kan bygge både billigare og tryggare flytebruer eller fortsatt miljømessige ferjer.
Jan Rune Haukvik skriver eit skremmande innlegg og forgudar Møreaksen, og fortsetter personvandettaen frå Møreaksengjengen mot meg.
Kven tar tek rekninga på dei gigantiske overskridingane på Møreaksen?
Statens vegvesen har i kjent stil lagt fram totalt urealistiske og udokumenterbare kostnadsanalyse for Møreaksen, her skal Møreaksen byggjast nesten til halv pris av siste kjente referanse som er Rogfast, som gjekk med 8 milliarder kr i kostnadssprekk !
Blir nok alt anna her i fylket slik som sjukehuset i Ålesund, Volda og Kristiansund, alle andre større vegprosjekt og fylkesvegane som berre kan gløyme overføringar frå i framtidige statsbudsjett.
Ja, for det er berre EIT statsbudsjett, ikkje fleire ulike slik nokon trur.
Tunellbrannane og ulykker i tunellar skremmer ivertfall meg, og kvifor bygge milevis med tunellar nord og sør om Romsdalsfjorden, fleire hundre meter under fjorden og forbi Molde by, når der finnast billigare, tryggare og betre alternativ?
Og, om det på Møreaksen er 328 m, 299m , 359m eller 399 m under fjorden bryr meg null og nada, dette er uansett aldeles meiningslaus å bygge ein undersjøisk tunell mange hundre meter under fjorden, totalt UNØDVENDIG!
FrP ynskjer fortsatt ferjer eller Romsdalsaksen over Romsdalsfjorden, og så lever vi godt med at Møreaksenforkjemparane slik som Jan Rune Haukvik har gått fullstendig tom for argumenter og kun står igjen med Frank Sve som fiende nr. 1.
Stopp Møreaksen!
Stem FrP!