Alle andre politikarar må velge mellom å vere politikar eller administrasjon, men Torgeir Dahl har altså lov til å vere begge deler ang Møreaksen.
At både fylkesjurist og kontrollutvalg synest det er «normalt politisk arbeide» å vere med ilag med Statens vegvesen i forarbeidet til saker som skal til politisk behandling i utvalg Dahl sjølv er medlem, er ikkje berre slett håndverk men rett og slett berre trist.
Ingen av desse har fått med seg realiteten, og eg mistenker sterkt at dette også er med hensikt.
Alle veit Fylkeskommunedirektøren sitt sterke engasjement for Møreaksen.
Torgeir Dahl blånekta fyrst på at han var den såkalla «Torgeir» som STVV viser til, for så å innrømme dette etter mykje press at det var han som var med i møter med Statens vegvesen i arbeidet med forarbeidet til NTP ang Møreaksen.
Ei sak ang Nasjonal transportplan med sterk støtte til Møreaksen frå Statens vegvesen som var til behandling i samferdselsutvalget og fylkestinget med Dahl som medlem.
Kanskje er ein habil, men etikk og moral kvar er den?
Eg synest heile Møreaksensaka luktar svidd, og at Statens vegvesen region midt holder på slik er ikkje noko nytt, slik har det vore lenge.
At fylkesjuristen og kontrollutvalg synest dette her berre er greit får eg berre ta til etterretning, men, eg er rimeleg sikker på at eit stort fleirtal av befolkninga her i fylket synest måten Dahl og andre operere på ang Møreaksen, ikkje stettar normal etikk og moral.
Så reknar eg med at befolkninga her i fylket får viljen sin til slutt, og at Stortinget om nokre år skrinlegger Møreaksen prosjektet for godt.