Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
Ytring
Frank Sve, stortingsrepresentant for FrP
27 september 2022 08:54
Del på Facebook
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Rådmenn i fylke og kommunar ivrer etter å kutte ned på politisk verksemd, færre i fylkesting og kommunestyre og kutt i det folkevalgte systemet. Ikkje rart, for då blir det totalt rådmannsvelde.

Administrasjonane i både fylket og kommunane eser ut som ein ballong.

Annonse
Annonse

I Møre og Romsdal fylkeskommune tyt det opp rådgjevarar, spesialkonsulentar og byråkratiet blir større og større og Fylkeskommunedirektøren er «kongen på haugen».

Det same ser vi i kommunar etter kommunar medan dei same rådmennene i desse kommunane ser sitt snitt til å auke eiga makt ved å foreslå kutt i det folkevalgte systemet.

Politikarane diltar etter rådmennene som lydige undersåtte, og skal være så himla ansvarlege og såleis kappar greina til demokratiet.

I fylkeskommunen kostar det folkevalgte systemet ca. 25 mill kr, medan budsjettet til fylket på 5-6 milliard kr der ca. 90 % et løn til administrasjon.

Kvifor kutte smular når pengesluket i administrasjonane i realiteten blir freda?

I kommunane det same, det politiske systemet og demokratiet kostar så og seie berre promiller av det totale budsjett.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Men, når det skal sparast så er det demokratiet som skal kuttast og såleis kan administrasjonane fortsette å leve i «sus og i dus».

Heilt greit å spare pengar også i folkevalgt organisering og jobbe både meir effektivt og smart, derimot er det påfallande å sjå iveren frå rådmennene til å værne seg sjølve.

Kutt i byråkratiet og å kunne forenkle dette er viktig. Fylket og kommunane må starte der, og det er der dei store innsparingane ligg.

Dei argeste politikarane i fylket og i kommunane, er rådmennene og sine tilsette. Dei har haugevis av ressursar og politikarane blir totalt overkøyrde.

Kuttar ein i det folkevalgte systemet blir det enda færre som kan matche rådmennene, og eg fryktar totalt udemokratisk rådmannsvelde i fylker og kommunar.

Eg veit kva eg snakkar om, og har i ei årrekke vore ein av få som til dømes har klart å utfordre ein knallsterk fylkesrådmann.

Så vær på vakt, demokratiet er under press i økonomiske vanskelege tider, der rådmennene rundt omkring ser sitt snitt til å «takle» brysame politikarar ut over sidelinja.

Stå opp for demokratiet og det folkevalgte system, kutt i byråkrati og udemokratiske system.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 4 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøMen, uansett så plasserte Regjeringa,  med Senterpartiet i føringa i transportkommiteen, Møreaksen i utviklingsporteføljen.  Til stor glede for Frank Sve. ...
Geir Ole Sætremyr 5 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøKva er igjen av intensjonen bak Møreaksen?
Terje Sundsbø 6 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrKrigen i Ukraina gjorde alle samferdselsprosjekter dyrere, ikke bare Møreaksen. Frank Sve (Frp) sin iherdige innsats for å stoppe Møreaksen ...
Geir Ole Sætremyr 15 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøDet kan godt vere at Sve tar æra, men det var tross alt Regjeringa, inkludert Sigbjørn Gjelsvik, som plasserte Møreaksen ...
Terje Sundsbø 15 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrI Sunnmørsposten tar Frank Sve (Frp) æren for å ha stoppet Møreaksen. Det har gitt tidenes laveste tildeling til M&R ...
Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøSigbjørn Gjelsvik som uttalte dette til RB, og artikkelen ligg også hos Sunnmørsposten.Så er det også slik at Regjeringa la ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse