Annonse
KSU – Vipps – desktop
Marit Aklestad, gruppeleiar for SV i fylkestinget
Ytring
Marit Aklestad, gruppeleiar for SV i fylkestinget
08 oktober 2024 15:02
Del på Facebook
Møringen på vei over Edøyfjorden. Foto: Terje Holm
Møringen på vei over Edøyfjorden. Foto: Terje Holm
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Ferjefylket Møre og Romsdal manglar pengar til å halde oppe ferjefrekvensen. Ferjedrifta er sterkt underfinansiert frå statleg hald. Hadde vi redusert tilbodet ned til det den såkalla “ferjenøkkelen” skulle tilseie, måtte vi ha kutta rundt 70 avgangar. Då hadde kanskje rekneskapen sett litt betre ut, men det ville ikkje spart meir enn rundt 50 mill av den totale underfinansieringa på rundt 230 mill for ferjene i 2024.

Og så hadde fylket heller ikkje vore gjenkjenneleg. Vi lever ikkje liva våre på eit rekneark. Vi bur og arbeider mellom hav og bratte fjell, og er heilt avhengige av å kome oss over fjorden for å leve her. Ferja er vegen vår — ferja må gå.

Annonse
Annonse

Så viser deg seg også at staten slett ikkje nyttar “ferjenøkkelen” til sine eigne ferjestrekningar, men ligg langt over. Riksvegferjenettet er tre gongar så godt finansiert som fylkesvegferjene, viser fylkesadministrasjonen sine grafar. Det som frå staten si side skal vere “godt nok” for fylkesveg-sambanda, er altså ikkje det for riksvegferjene. Medan riksvegferjene får fullfinansiering i tråd med den sterke kostnadsveksten dei siste åra, blir fylkesferjedrifta hengande etter. Langt etter.

Denne tendensen må vi snu. SV arbeider inn mot statsbudsjettet for å rette opp skeivskapen og sikre ei betre ferjefinansiering.

Annonse
Annonse

Miljøsuksess må gi økonomisk gevinst

SV har også eit anna mål: ferjer med minst mogleg klimagassutslepp. Vestlandsfylka har lenge stått i bresjen for ei massiv omstilling av ferjeflåten. Det har sett fart i nullutsleppsteknologien, og er ei ordentleg suksesshistorie på miljøsida! Berre i vårt fylke, der om lag halve ferjeflåten no er hybridelektrisk, gir dette kraftige årlege klimakutt på ca 40.000 tonn CO2. Med stadig fleire samband over på lågutsleppsteknologi, bidreg dette vesentleg til Noreg sine klimakutt.

Men utleppskutta må også bli ei økonomisk suksesshistorie. Fylkeskommunane treng ei belønningsordning for miljøferjer og -skyssbåtar. Klimakutt må gi økonomisk gevinst! Slik har det ikkje vore fram til i dag. Tvert imot har det kosta fylkeskommunen mykje, både i investeringar i kaianlegg og i auka driftskostnadar å få omstilt ferjeflåten. Enova har kompensert 9,6 % av kostnadane. Resten er det fylkeskommunen sjølv som har måtta dekt.

Frå straff til belønning

Farten på grøn omstilling av ferjesektoren har vore heia fram og sterkt ønskt frå staten. I vårt fylke har den også bidrege til grøn næringsutvikling. Godt! Men fylkeskommunen har stått att med rekninga. Slik kan det ikkje halde fram. Staten må leggje pengar på bordet og lage ei belønningsordning for den grøne omstillinga av ferjene som vi står midt oppe i. Elbilfordelane har vore ein suksess. No er det ferjefylka sin tur. Fylkeskommunen må få belønning, ikkje ekstrautgifter, for sparte CO2-utslepp!

Ei betre grunnfinansiering av fylkesvegferjene som står i stil med kostnadsveksten, saman med ei belønning for dei store CO2-kutta som ferjene våre står for, vil fjerne raude tal og sikre ein rett og rimeleg ferjefrekvens. Det trengst for ferjefylket Møre og Romsdal! Diverre ser vi lite til dette i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Desto viktigare at dei lyttar til SV ved forhandlingsbordet framover. Vi sit klare med kaffi og sveler!

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.
  • Denne kommentaren er avpublisert.
    Terje Sundsbø · 2 måneder siden
    "Vi bur og arbeider mellom hav og bratte fjell, og er heilt avhengige av å kome oss over fjorden for å leve her. Ferja er vegen vår — ferja må gå."

    Nei, ferge er ikke nødvendigvis veien vår. Det finnes i dag flere fergeavløsningsprosjekter både på Sunnmøre og Nordmøre. Ingen i Romsdal.

    SV vil ikke bygge veier på Vestlandet, de vil bygge jernbane på Østlandet, der det er mye billigere å bygge ut samferdsel og hvor det allerede er flust med veier.

    Se https://ksu.no/artikler/leserinnlegg/125948-ostlandet-far-for-mye-av-samferdselsmidlene-20241003

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 14 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDu tar fullstendig feil. Eg har aldri innsett di tolking.Men eg et samd I at prosjektet I si noverande form ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrEndelig har du også innsett at KS2-analysen belaster kostnadsøkninger utelukkende med bompengefinansiering. De fleste vil forstå at dette er et ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse