Ap og samferdselsministeren fortsetter å sløse vekk store beløp på galskapens prosjekt Møreaksen, sjølv om prosjektet er heilt ute av NTP.
Samferdselsministeren unnlater gong etter gong å svare på mine spørsmål, om korleis det er mulig å drive regulerings og planarbeidet i samband med Møreaksen, planar som kun gjelder i 10 år, når Møreaksen er fjerna heilt vekk frå NTP sin 12-års periode.
Dette betyr at ein «kastar pengar ut av vinduet» då arbeidet etter 10 år må gjerast på nytt. Og, sjølvsagt totalt vekkasta då Møreaksen aldri skal byggjast.
Dette er derimot heilt i tråd med dagens regjerings økonomiske politikk, der sløseri med offentlege midlar står sterkt, i staden for å prioritere vegvedlikehold og ta ned antall hardt skadde og døde i trafikken.
Dette statsbudsjettet og regjeringa sin NTP medfører fortsatt auka vedlikeholdsetterslep, som berre på fylkesvegene passerer no 100 milliard kr.
30–50 prosent av dei alvorlige ulykkene skuldast dårleg vedlikehold, vegbane og vegstandard.
Statens vegvesen og samferdselsministeren seier blankt nei til å bruke ei kr på andre vegprosjekt her i fylket, slik som til dømes Voldatunellen som er byggeklar og faktisk ligg i NTP.
I staden opplever vi èin særdeles svak samferdselsminister som ikkje maktar å styre Statens vegvesen region midt til å stoppe pengesløseriet på Møreaksen.
Det er åpenbart at det som skal til for å stappe Møreaksen prosjektet langt ned i søppelkassa, og samtidig instruere Statens vegvesen til å gjøre det dei skal, er eit stort og sterkt FrP etter Stortingsvalget neste haust.
Tar gjerne over samferdselsministerposten, og det fyrste som skal skje er å prioritere dei verkelege viktige vegane her i fylket og i resten av landet, og skrote Møreaksen ein gong for alle.