Når Per Vidar Kjølmoen (Ap) skulle kommentere statsbudsjettet, var han omtrent like sannferdig som regjeringa og Vedum var ang. skatt.
Når Kjølmoen presterar i RB (red.anm. Romsdals Budstikke) å påstå at den vanskelege økonomien i fylket skuldast lånegjelda til Nordøyvegen, som han påstod var 5,5 milliard kr, er dette regelrett løgn.
Dette veit Kjølmoen inderleg vel, likevel sprer han rundt seg med påstandar om Nordøyvegen for å skape splid.
Eg fekk lånesaldoen frå Fylkeskommunedirektøren for Nordøyvegen, som altså er 2.760.794.568 kr.
I eigen rapport ang. Nordøyvegen har Deloitte slått fast at fylket sparer ca. 40 million kr pr. år kontra fortsatt ferjedrift, det fleste forstår dette når berre ferjeavløysingsmidlane er på over 3 milliard kr til fylket i nedbetalingstida.
Bompengar dekker 6–700 mill kr, rentekompensasjon, RDA-midlar og støtte frå kommunale på mange hundre million kr, og avløysingsmidlar på fleire hundre million kr for hurtigbåt.
I tillegg får Møre og Romsdal fylkeskommune 160 million kr til dekking av kapitalkostnad for Nordøyvegen, fordelt i 2024 og 2025.
Mykje av lånegjelda for Nordøyvegen er langtids rentesikra med svært lav rente, og gløymt er vist også den årlege kostnaden for fylket i 2018 kr på 109 million kr pr år til ferjedrifta i dette området.
Skal ikkje fortsette å trøtte lesarane med det lange oppsettet med finansiering av dette prosjektet, men ein må kunne forvente at Ap og Per Vidar Kjølmoen tek seg bryet med å snakke sant ang. dette prosjektet og ang. økonomien til fylket.
Kjølmoen og Ap snakkar lite om at det vi opplever i fylkeskommunen, som er resultatet etter 12 år med vastyre frå Ap.
Pengar er strødd rund seg til vanvittige prosjekt, program, haugevis med unødvendig pengesløseri, og ein alt for stor fylkesadministrasjon. Dette vert det no rydda opp i av det borgarlege fleirtalet.
Kjølmoen og Ap skulle liksom halvere ferjeprisane, i staden har Ap her i fylket AUKA ferjeprisane, og igjen vart det ein bløff i staden for sanning frå Ap.
Det er på høg tid å få skifta ut Vedum og Støre frå regjeringskontora før dei får øydeleggje meir for Norges økonomi.
Ei ny borgarleg regjering med eit sterkt FrP er fasiten, og vi er klare til å kunne ta over.