Annonse
KSU – Vipps – desktop
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
Ytring
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
26 oktober 2024 14:37
Del på Facebook
Bilde av Tima Miroshnichenko: https://www.pexels.com/nb-no/bilde/tall-tid-klokke-timer-7033891/
Bilde av Tima Miroshnichenko: https://www.pexels.com/nb-no/bilde/tall-tid-klokke-timer-7033891/
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Nok ein gong stiller vi klokka. Denne gongen «får vi ein time ekstra», slik vi opplever det kvar haust. Kjell Werner, ansvarleg redaktør i ANB, har nyleg teke til orde for at vi må slutte å stille klokka og at den faste tida bør vera det vi no kallar sommartid. Han argumenterer med at vi då får nyte meir av dei lange, lyse sommarkveldane.

Denne tilnærminga forstår eg veldig godt. Mi personlege meining har i mange år vore at det må bli slutt på denne klokkestillinga to gongar i året. Tidlegare meinte eg som Werner at sommartid ville vera fint heile året.

Annonse
Annonse

EU har gått inn for at det bør vera same tid heile året. Det gjenstår å sjå om EU vedtek eit nytt direktiv om dette. Gjer dei det, må Norge ta stilling til kva som skal vera den faste måten å stille klokka på. EU har uttalt at spørsmålet om normaltid eller sommartid skal vera opp til medlemslanda sjølve.

Det er viktig at vi ikkje tek for lettvint på spørsmålet og konkluderer utan å ha sett oss godt nok inn i konsekvensane av dei to ulike alternativa. Eg meiner framleis at vi gjerne kan slutte med klokkestillinga, for den er noko herk. Men eg er no overtydd om at normaltid heile året er det rette.

Argumenta for normaltid er nemleg langt meir tungtvegande enn den timen «ekstra på sommartid som Werner viser til. For det første er sommaren like lys og vinteren like mørk her i nord, uavhengig av om vi vel sommartid eller normaltid heile året.

Normaltid heiter normaltid av ein grunn. Det er då vi stiller klokka etter solas gang og i tråd med vår eigen biologiske døgnrytme. Vi menneske er jo ein del av naturen. Tidspunktet vi får til å sovne på kvelden blir påverka av når dagslys og mørke slår inn.

Stiller vi klokka etter sola, legg vi til rette for at flest mogleg får meir og betre søvn. Menneske som uansett har enkelt for å sovne, merkar ikkje særleg forskjell. Likevel har dette opplagt stor betydning for søvnkvalitet, helse, arbeidskapasitet, læreevne og trafikksikkerheit i sum i samfunnet.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Handverkarar og andre som arbeider utandørs heilt eller delvis, startar ofte arbeidsdagen sin klokka 07. I den mørkaste tida på vinteren her i Midt-Norge, kor eg bur, er det mørkt nesten til klokka halv ti om vinteren når vi stiller klokka etter normaltid. Skulle vi innføre sommartid heile året, ville det begynne å bli lyst først i halv elleve-tida i staden. Og dette blir verre lenger nord sjølvsagt. Dette har stor praktisk betydning for mange.

Mange som arbeider på kontor, slik Werner gjer, er strengt tatt ikkje så avhengige av dagslyset for arbeidet sin del. Mange har fleksitid og kan tilpasse arbeidsdagen etter eige ønske om å sitte lenger ute på lyse sommarkveldar. Og i feriar gjer vi jo gjerne som vi vil uansett.

Sommardagane har like mange timar med lys uansett korleis vi stiller klokka, og vinteren er like mørk. Men korleis vi stiller klokka påverkar oss. Søvnforskar Ståle Pallesen uttalte 28. mars 2019 til VG bekymring for folks søvnkvalitet dersom sommartid blir innført heile året.

Vi må la omsynet til dei som slit med søvn gå framfor omsynet til dei som ikkje gjer det når det er snakk om ei ordning som vil gjelde for absolutt alle. Friske a-menneske som ikkje har søvnvanskar har eit mykje lettare utgangspunkt for å takle sommartid heile året enn b-menneske, ungdommar og folk med helseproblem og søvnvanskar.

Normaltid heile året er desidert best dersom vi skal tilrettelegge for at flest mogleg får nok god søvn og er opplagte både på skulen, på jobb og i trafikken. Dette er bra for a-menneska òg, og det tener samfunnet som heilskap best.

Av: Jenny Klinge, Stortingsrepresentant, Senterpartiet

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 20 timer siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har fått med meg alt, også at du konstruerer di eiga kuvøse for å dyrke agendaen din.Ja, eg har ...
Terje Sundsbø 20 timer siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu har ennå ikke fått med deg at jeg diskuterer KS2-rapporten, og utsagnene fra den? Referansegrunnlaget er like usikkert i KS2-rapporten ...
Geir Ole Sætremyr 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDersom du har følgt med I timen har eg sitert frå dokumentet som SVV presenterte i oppstartsmøtet med skisse til ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrHvis det er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene fra SVV, så gjelder jo det samme også for KS2-rapporten. ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøKS2 rapporten uttaler eksplisitt at der er svært få referanseprosjekt som kan verifisere kostnadskalkylene frå SVV som ligg til grunn ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrDu tar fullstendig feil. Møreaksen i sin nåværende form er svært meningsfull. Derfor vil Høyre gjeninnføre E39 Vik-Molde i NTP. ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse