Annonse
IOGT Region Midt-Norge, Per-Arne Lillebø og John Almendingen
Ytring
IOGT Region Midt-Norge, Per-Arne Lillebø og John Almendingen
28 oktober 2024 12:23
Del på Facebook
Foto: IOGT Midt-Nore
Foto: IOGT Midt-Nore
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

For mange barn er det største juleønsket kvit jul. Det er ikkje for å kunne bruke ski og kjelke, men å vere saman med edruelege foreldre og vaksne.

Kvite dagar er eit omgrep som er mykje brukt om alkoholfrie dagar. Barn ønsker vaksne som er til stades og som ter seg normalt og er hyggelege. I desember blir det drukke dobbelt så mykje alkohol som i dei andre månadene i året. Juletradisjonane inkluderer for fleire alkohol og rus, og mange barn gruar seg til jul på grunn av drikkinga til dei vaksne.

Annonse
Annonse

Kanskje har mange born eit ønske denne jula: Å få trendy foreldre som drikk alkoholfritt i jula. Det er fleire og fleire i Noreg som no byter ut alkohol med alkoholfrie drikkar. Vinmonopolet har i år auka salet av alkoholfritt. Det har vorte trendy å drikke alkoholfritt.

Tal frå Folkehelseinstituttet syner vel 90 000 norske barn har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk.

Det treng ikkje å vere alkoholisme eller fyll før eit barn opplever det som utrygt å vere saman med vaksne med promille. Eit par glass er nok til at det skjer små endringar i oppførselen hjå den som drikk. Barn merker endringane mykje raskare enn den vaksne sjølv. Barn er ikkje oppteken av mengda som vert drukke, men konsekvensane av inntaket. Mange vaksne som drikk saman med barn, tenkjer nok ikkje på at barna synes det er utriveleg.

Annonse
Annonse

Dei siste vekene før jul har IOGT Kvit jul-aksjonar rundt om i heile landet. IOGT har standar og oppmodar foreldre og andre vaksne om å skrive under på Kvit jul-kontrakt om å ikkje drikke alkohol når dei er saman med barn i jula.

Målet for kampanjen er å få fleire vaksne til å drikke alkoholfritt i jula. Foreldre og andre vaksne blir oppmoda om å skrive under på at dei ikkje vil drikke alkohol når dei er saman med barn i julehelga 23.–26. desember.

Kvit jul-kontrakten kan ein og signere på nettsida.

Det er handlinga som er det viktigaste. Alkoholfrie vaksne gjev barna tryggleik og velvære. God kvit jul!

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøListhaug i Ålesund i går om satsinga: ""Fjerning av formuesskatten, opprydding når det gjelder Helseplattformen – og prioritering av strekningene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDet er du som ikkje vil forstå. Eit nytt fergeleie på Reknes er ikkje meir utsett enn fergeleiet på Sulesund, ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDet er irrelevant å sammenligne Reknes med Sulesund, når dagens fergeleie ligger i Grandfjæra. Du er stadig ute og ror.Det ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDer er ikkje meir verutsett på Reknes enn på Sulesund .Uansett, dei økonomiske tyngdelovene vil slå inn også etter eit ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEndringer og utsettelser av planer er kostbart. En kostnad utelukkende påført av de som vedtok utsettelse. Derfor ønsker H å ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse