Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
Ytring
Frank Sve, 1. nestleder i Transport- og kommunikasjonskomiteen Stortingsrepresentant (FrP)
29 oktober 2024 14:51
Del på Facebook
Foto: Engin Akyurt / Pexels
Foto: Engin Akyurt / Pexels
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Høgre klagar og syt over den fylkeskommunale økonomien, og veit inderleg vel at det faktisk er drivstoffprisane som har gått til himmels som rammar fylket brutalt i drifta av ferje, buss og hurtigbåtar.

SÅ, foreslår Høgre enda dyrare drivstoff enn regjeringa som faktisk har auka dieselprisane med 60 øre i sitt framlegg til Statsbudsjett.

Annonse
Annonse

Ikkje forstår eg eit kvidder av kva Høgre bedriver med for tida, når det ikkje berre er deira forslag om dyrare drivstoff som er greianalaust.

  • Ferjeprisane har dei gått til frontalangrep på, og har auka og vil auke desse enda meir.
  • Ferjetilbudet vil dei angjeveleg kutte brutalt, sjølv om bruken av ferjene aukar, inntektene likeså.
  • Bussprisane har dei gått til frontalangrep på og auka prisane her i fylket med 20 %.
  • Togbussen på Nordmøre, stod Høgre aleine om å ville leggje ned.
  • Dei vidaregåande skulane i distrikta, vil dei leggje ned, sjølv om elevtalet her i fylket aukar med 280 elevar dei neste åra.
  • Bompengar i Ålesund klarte også Høgre å sikre fleirtalet ilag med raudingane for å auke.

Og, så vil Høgre jammen også bygge Møreaksen.

At ein Høgrerepresentant på Nordmøre er bekymra for Tingvoll vidaregåande skule, overrasker ingen, når alle har fått med seg Erna sitt utspill etter spetakkelet ikring skulenedleggingane i Innlandet.

Dette er berre begynnelsen, fleire vidaregåande skular skal leggjast ned var Høgre sitt budskap.

No er det også oppstandelse her i fylket ang «Helseplattforma» og den knusande rapporten frå Riksrevisjonen.

Høgre kunne også her stoppa denne galskapen, i staden stemte Høgre ilag med Sp og Ap imot FrP sitt framlegg i Stortinget om å skrote og stoppe innføringa av Helseplattforma.

Vi har heller ikkje gløymt nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter, der Høgre også kunne stoppet dette ved å støtte FrP sitt framlegg i Stortinget.

Annonse
Annonse

Høgre valgte også her å stemme ilag med Sp og Ap, og Mork vart nedlagt.

Kva blir det neste Høgre finner på, og deira framlegg om å auke drivstoffprisane midt i ei tid der transport, bygg og anleggsbransjen står i kneståande, bedrifter går konkurs med bakgrunn i skyhøg drivstoprisar forstår ingen.

Tvinge folk og næringslivet til å kjøpe nullutslippsbiler, gravemaskiner og vogntog?

Har ikkje Høgre fått med seg at verken folk flest eller næringslivet har pengar eller økonomisk bæreevnen til slike investeringar no, midt i eit ekstremt høgt kostnadsnivå, høg rente og svikt i i både oppdrag og omsetning.

Korleis har Høgre tenkt å gjennomføre dette i praksis på til dømes ein veg-byggjeplass,

La gravemaskinene grave nokre timar og vidare stå på lading halve dagen vinterstid spesielt, og med dieselaggregat godt gøymt i skogen?

Nei, det er nok berre eit reelt politisk alternativ til dagens regjering med Vedum og Støre, og det er eit sterkt FrP som faktisk ikkje berre kan skifte ut personane i regjering, men også politikken.

Så får vi håpe Høgre snart begynner å drive normal Høgrepolitikk, sluttar å dilte etter Ap og Sp, og sluttar med alt dette klima og miljøhysteriet som nesten er på nivå med MDG.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Hans-Peter Kaaresen 2 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 4 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Anne Mari Sandshamn 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Bjørn Nøstvold 7 dager siden Venstre gir seg selv en rett venstre
Ønsker en forandring, stemmer en for forandring.
Vidar Hölm 8 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse