Annonse
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
Ytring
Jenny Klinge, stortingsrepresentant, Senterpartiet
31 oktober 2024 09:24
Del på Facebook
Foto: Lum3n / Pexels
Foto: Lum3n / Pexels
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Har du tenkt over at du med god eigenberedskap kan redusere omfanget av komande kriser, både for deg sjølv og samfunnet elles?

Då min lille familie flytta inn i huset vårt for over ti år sidan, sørga vi for at den eine vedomnen var ein vedkomfyr der vi kan koke og steike mat viss behovet oppstår. Kommentaren frå naboen var: «Vi har utedass, men ikkje vedkomfyr, kanskje vi kan samarbeide viss straumen forsvinn vinterstid?»

Annonse
Annonse

Eg vaks opp med foreldre som opplevde den andre verdskrigen. Dei fortalte ofte om kva dette innebar og var opptekne av å vera førebudd på nye kriser. Derfor har eg både heime og som folkevalt hatt eit særleg engasjement for beredskap. Det er viktig å tenkje over kva som kan skje viss straumen forsvinn, vegen blir stengt, mobil- og internett sluttar å fungere eller om medisinforsyningane stoppar opp ei tid.

Som tidlegare mangeårig medlem av justiskomiteen for Senterpartiet har eg vore pådrivar både for å innføre ein årleg eigenberedskapskampanje og å nedsette ein totalberedskapskommisjon. Heile Stortinget samla seg bak forslaget om den årlege kampanjen før regjeringsskiftet i 2021. Eg er glad for at dette no er på plass og at vår regjering også sette ned ein totalberedskapskommisjon. Denne har gitt oss gode råd om kva politiske grep som bør gjerast framover, og det skal koma ei stortingsmelding om temaet.

Eigenberedskap handlar om kva den enkelte av oss kan gjera for å vera best mogleg budd på ei krise. Dersom dei fleste sørgjer for å skaffe seg det viktigaste for å klare minst ei veke utan hjelp og forsyningar, kan det hindre at kriser som uansett vil oppstå får eit verre resultat enn nødvendig. Slik tek den enkelte også eit samfunnsansvar og bidreg til nettopp ein betre totalberedskap.

Annonse
Annonse

Lokale og nasjonale myndigheiter, bergingsmannskap og hjelpeorganisasjonar bør sleppe å bruke unødig tid og ressursar på oss som kan gjera tiltak for å klare oss sjølve ei veke eller gjerne lenger. Dei kan heller få konsentrere seg om å hjelpe dei som er mest ramma, eller andre som er særleg sårbare, i den tidlege fasen av ei krise.

Vedkomfyr og utedass er berre eit lite døme på korleis ein kan sjå eigenberedskap i samanheng med kva naboen eller lokalsamfunnet elles kan stille opp med når det knip. Dette legg også Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) vekt på i den årlege eigenberedskapsveka som har kome i stand som ei fin oppfølging av stortingsvedtaket om ein årleg kampanje.

DSB informerer godt om kva vi bør ha av mat, vatn, medisinar og utstyr heime. God informasjon er likevel ikkje nok dersom vi ikkje følgjer opp sjølve med konkrete tiltak i heimen.

Beredskap er ei slags forsikringsordning som vi ofte først ser verdien av når kriser inntreffer. Ved å sørge for god eigenberedskap, bidreg vi til eit tryggare samfunn for oss alle. Det kan dessutan vera både hyggeleg og meiningsfullt å hjelpe kvarandre i nabolaget med slikt som ikkje absolutt alle må eller kan skaffe seg.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøEr det krigen i Ukraina som er årsaka til at Vik til Molde og Breivika til Ørskogfjellet vart lagt I ...
Terje Sundsbø 8 timer siden Fjern flaskehalsene!
De som ikke tror på Møreaksen må i hvert fall starte å tro på at fergeleiet flyttes vekk fra Molde ...
Terje Sundsbø 8 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir M PunnerudDu uttaler deg for mindretallet.Møreaksen er raskeste vei for flertallet som krysser Romsdalsfjorden på E39. Bare 40% av de som ...
Geir M Punnerud 10 timer siden Fjern flaskehalsene!
Raskeste vei? Lite trolig.  Omvei blir det for dem som IKKE skal til Molde. Og dyrere.
Terje Sundsbø 14 timer siden Fjern flaskehalsene!
Her er et sitat fra en kommentar på RBNett:Bjørn HaukebøFergefri E39 vil være en gamechanger for vår region. Det å ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse