Den 21. juni i 2012 kunne vi lese i media at Senterpartiet hadde fått på plass ein avtale med Tyskland og Storbritannia om eksport av straum, og kabelen til Tyskland skulle vere ferdig i 2018.
«Jeg er godt fornøyd med muligheten til å kunne utveksle kraft mellom Norge og Tyskland», sa nestleiaren i Senterpartiet og olje og energiminister Ola Borten Moe til media, smilande over å ha fått på plass avtalen.
Forløparen til dette var Senterpartiets Åslaug Haga som var olje og energiminister i 2008.
«Min visjon er at Norge skal bli en betydelig eksportør av rein fornybar energi til Europa» – sa ho då.
Og vi veit alle at desse avtalane og dei enorme kostnadane det er å leggje desse kablane over lange avstandar tar tid, og fyrst nå får dei effekt både på nettleiga som folk flest må betale og på prisen på straum.
Dette sårt i sterk kontrast til dagens uttalelsar frå Senterpartiet der dei profilerar seg som kabelmotstandarar fordi dette fører til høge straumprisar for folk flest og ikkje minst dyr nettleige.
Det er mulig å bløffe folk flest ei stund, men igjen ser vi at Senterpartiet ikkje vil vedstå seg politikken dei stod for og som i dag er en realitet.
Men alle kan vere trygg på at vi skal minne SP om dei langsiktige virkningane av politikken dei stod for, som no rammer folk flest, sjølv om dei prøver å bløffe seg unna desse konsekvensane av sin tidligare politikk.