Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
11 juli 2019 13:53
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Når har du Helge, tenkt å framsnakke og sørge for at både planlegging og finansiering av alle dei prioriterte prosjekta på E-136 vert gjennomført?

Gong etter gong høyrer vi Høgre og Helge Orten snakke varmt om sitt gigantprosjekt til 37 milliard kr og hundredevis av meter under fjorden, Møreaksen.

Og, ikkje kom med dette at det «kun» skal koste 24 milliard kr, alle veit at frå dette stadiet og til bygging aukar prosjekta med minst 40 prosent, og då er vi nok meir i nærheita av 40 milliard kr vil vi tru.

Orten er rimeleg klar over realitetane i vår regjering og i Stortinget, der budsjetta framover sansynligvis ikkje blir ein stor «pengefest», med bakgrunn i at veksten og utviklinga i landet faktisk går bra.

Pr i dag set Orten og fleire, og ser på at Statens Vegvesen brukar sine planleggingsresursar på bypakke Ålesund og Møreaksen, istaden for å gjennomføre planlegginga på dei prosjekta som står på topp i NTP her i fylket, nemleg prosjekta på E-136.

E-136 Flatmark–Monge–Marstein og E-136 Brustugelia–Rødstøl til Oppland grense, står i planen 2018–2023, og er verken planlagt eller finansiert.

Desse to prosjekta samla skal ha milliardkøyvingar frå Statsbudsjetta framover. Det same gjelder ca 3 milliard kr til E-39 Betna–Stormyra, og krabbefelt over Ørskogfjellet skal også på plass.

Kvifor har du all din fokus på prosjekt som ligger langt fram i tid, istaden for å framsnakke det som burde vore prosjektert ferdig for lengst og som faktisk ER prioritert?

Helge Orten og vi andre i regjeringspartia veit så inderleg vel, at å tru på «julenissen» og kunne få fleire titals milliard kr til eit prosjekt som fjordkryssing av Romsdalsfjorden, overhode ikkje er realistisk før dei prioriterte prosjekta som faktisk er prioritert i NTP i 2018–2023 vert realisert.

Derfor har vi god tid til å utgreie flytebruer og Romsdalsaksen, samt gjere ei skikkeleg vurdering av ferjedrifta.

Derfor er det no flott å konstanterer at det kun er Ap og Høgre som fortsatt står i spagat og tviholder på ein gammaldags og miljøfiendtlig undersjøisk tunell, og som ikkje ynskjer flytebruer og Romsdalsaksen utgreidd.

Eit fleirtal for å utgreie flytebruer og Romsdalsaksen er innan rekkevidde, dersom du som innbyggjar ynskjer dette, må din stemme gå til parti som ynskjer dette.

FrP er klokkeklar på at vi har god tid til å kunne utgreie flytebru og Romsdalsaksen, samt få ei skikkeleg vurdering av fleire ferjer og betre frekvens over Romsdalsfjorden.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 6 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøKvart år i desember blir det utferdiga tildelingsbrev for påfølgande år, så også no. Brevet gjeld for budsjettåret 2025 og ...
Terje Sundsbø 7 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrEr det tildelingsbrevet fra 2022 som hindrer SVV å forberede Vik-Molde? Det har jo vært gjort forberedelser helt fram til ...
Geir Ole Sætremyr 7 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDu får google så finn du tildelingsbrevet for 2022Vedtaket frå Regjeringa er inntil 50% av garantiansvaret på nye riksvegprosjekt.
Terje Sundsbø 7 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrHvilken åpning gir regjeringens tildelingsbrev til SVV for planlegging av strekningen Ålesund-Vestnes (E136/E39)?Siden Frp og H ønsker å fjerne fylkeskommunene, ...
Geir Ole Sætremyr 22 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøStatus er i dag at tildelingsbrevet til SVV frå Regjeringa ikkje gir opning for meir førebuing av strekninga Vik-Molde, inkludert ...
Terje Sundsbø 1 dager siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDu hevder at det vil kreve en ny KS2-analyse kun for å prisjustere kostnadene i en nylig utarbeidet KS2-analyse. Da ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse