Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Jenny Klinge
Ytring
12 august 2019 20:42
Del på Facebook
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Jenny Klinge, Justispolitisk talskvinne, Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Medan partileiar Støre i Arbeidarpartiet  meiner regjeringa har brote forliket om politireforma, har vi i Senterpartiet heilt sidan starten meint at forliket var basert på feil politikk. Ap tilførte noko positivt til det politireformforslaget som regjeringa leverte vinteren 2015, men langt frå nok til å laga ei god politireform. Eg veit og respekterer at Ap meinte dei var med og «tok ansvar» når dei inngjekk dette breie forliket om politireforma i Stortinget i 2015. Likevel bør det å ta ansvar også innebera å prøve å stoppe ufornuftige endringar og massive samanslåingar, ikkje å stemme fram slikt i nasjonalforsamlinga.

No ser vi at det Senterpartiet advarte mot dessverre er resultatet – den såkalla nærpolitireforma har gitt lengre avstandar mellom innbyggjarar og politiet, mindre publikumskontakt og mindre førebyggande politiarbeid. Regjeringa klarer ikkje å levere bevis på at talet på politipatruljar har auka i tråd med målsetnaden deira heller. Alt dette fører til at mange politifolk er frustrerte over manglande høve til å utføre det samfunnsoppdraget som politiet har.

Det er bra Ap endeleg har teke realitetane innover seg, trass i at denne innsikta kom i seinaste laget. Eg håper likevel at det kan medverke til at dei lensmannskontora og politistasjonane som står igjen etter reforma blir styrka etter stortingsvalet i 2021. Dette kan Senterpartiet og Ap stå saman om. Politiet må bli sett i stand til å vera til stades i nærmiljøa, til å skaffe seg lokalkunnskap og førebyggje kriminalitet i tillegg til å vera gode på nettkriminalitet og mykje meir. Moderne teknologi krev nye metodar som politiet også skal ta i bruk, men eit politi som er til stades og som ser og bryr seg om folk blir aldri umoderne eller unyttig.

Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne, Senterpartiet.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøSå langt er det ingenting som tyder på at konstruksjone Kjerringsundet er økonomisk gjennomførbar, i alle fall med Aukra kommune ...
@Terje SundsbøKvifor skal eg forklare meg for ditt tribunal?Du får heller konsentrere deg om regnestykket du ikkje sår å sjå resultatet ...
@Geir Ole SætremyrMener du det er riktig at staten tar hele regningen for utbygging av Ålesundstunnelene, slik at trafikkøkningen kan fortsette?Mener du ...
@Terje SundsbøEit lite tilleggsreknestykke basert på gjeldande takster og Autopass avtale, 50 prosent fossilbiler under 3500 kg, 15 prosent biler over ...
@Terje SundsbøEg forstår godt både ditt spørsmål, di vinkling og din agenda. Du føler deg forsmådd i forhold til finansieringsmodellen for ...
@Geir Ole SætremyrDu forstår åpenbart ikke mitt spørsmål. Jeg etterspør dine synspunkter, ikke vedtak.Du står fram med din kalkyle over hva du ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse