Annonse
KSU – Vipps – desktop
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Kronikk
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
30 oktober 2019 10:19
Del på Facebook
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Frank Sve, Fylkesleiar og gruppeleiar i Møre og Romsdal FrP. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

I absolutt alle rapportar og vurderingar som eg har sett, absolutt alt om Møreaksen AS eg har lest, kjem fortsatt ferje over Romsdalsfjorden ut med den definitivt beste «effekten», og sannsynlegvis er Romsdalsaksen også godt med i «finalen».

I eit innlegg frå Møreaksen AS, kan vi lese at Romsdal regionråd (ROR) liksom hadde fått eit eller anna «frå oven», ein rapport som nesten vart oppfatta som eit under.

Ein rapport som ingen før hadde sett, og som sjølvsagt STVV region midt som ivrar for Møreaksen, fyrst skulle leggje fram for regionrådet og Helge Orten og co – ikkje til Samferdselsdepartementet, eller til Samferdselsministeren, neida, sjølvsagt til ROR og Møreaksen AS slik at dei fyrst skulle få muligheita til å spreie mest mulig «tåkeinfo» før fakta kom på bordet til dei som faktisk skulle ha dette.

I rapporten som eg omsiders fekk fatt i, ein rapport som SKAL leverast til departement og statsråden, måtte ein jammen ha utruleg god fantasi for å kunne meine at dette var noko anna enn gammalt nytt, og verken ei forvridd og aldeles meiningslaus framføring frå både den eine og den andre, endrar ikkje mi eller andre si oppfatning i saka ang Møreaksen.

Når eg las utkastet til rapport, så kan ein raskt kunne lese at rapporten i hovudsak kun omfattar trafikkprognoser, som sjølvsagt berre er «synsing» meir enn fakta.

Korleis gratis ferjer kvar 15 minutt over Romsdalsfjorden i kombinasjon med utbetring av vegane på landsida, skal kunne bli dårlegare trafikkmessig enn Møreaksen, må ein jaggu ha god fantasi for å påstå.

Med ferjer kvar 15 minutt vil både ein med vanleg bil, og uansett alle vogntog kome raskare over fjorden enn via Møreaksen, og i dette tilfellet heilt gratis.

Trenger verken vere «rakettforsker» eller noko anna for å kunne forstå dette.

Med ferjer som skal gå no på 30 min over fjorden og overfartstid i framtida som skal utgreiast heilt ned mot 20 minutt, forstår alle at dette er det raskaste, billigaste, tryggaste og mest miljøvenlege alternativet med best «effekt» for alle.

Fastlandssamband er sjølvsagt bra, men då må Romsdalsaksen utgreiast seriøst og skikkeleg, slik at ein slepp å «tvinge» framtidig E-39 gjennom Molde, og uansett må flytebruer nyttast uansett trasévalg.

Alle andre grafar om mulig framtidig trafikk i rapporten viser null komma null ang verken:

  • miljøeffekt
  • samfunnseffekt
  • økonomi/ kostnadsvurdering
  • samfunnssikkerheit

Ein kan ivertfall konkludere med at:

  • Vil fergeavgang med 15 minutters mellomrom gi vesentlig betre økonomisk og miljømessig effekt som Møreaksen? Svaret er JA!
  • Vil fergeavgang med 5 minutters mellomrom gi vesentlig betre økonomisk og miljømessig effekt som Møreaksen? Svaret er definitivt JA!
  • Vil fergeavgang med 15 minutters mellomrom kombinert med full utbygging av veiene på land mellom fergene gi vesentlig betre økonomisk og miljømessig effekt enn Møreaksen? Svaret er så inderleg høgt og tydeleg JA!
  • Vil gratis ferge med 15 minutters mellomrom kombinert med full utbygging av veiene på land mellom fergene gi vesentlig betre økonomisk og miljømessig effekt enn Møreaksen? Svaret er JA, og dette ville verte fantastisk for alle i heile fylket!

Er det verkeleg rart at underteikna og andre ikkje har tillit til at dei i STVV som ihuga arbeider for Møreaksen , at dei skal på ein habil måte kunne utgreie Romsdalsaksen?

Er det absolutt nokon som meiner at dette er rart?

Eg trudde faktisk at STVV region midt sine oppdragsgjevarar var Vegdirektoratet, Samferdselsdepartementet og Samferdselsministeren?

Men Ok, vi har god tid til å utgreie både ferjer, og Romsdalsaksen, for der finnast ikkje verken ramme eller grunnlag i noko statsbudsjett i lengre framtid, som kan leggje inn fleire titals milliard kr til eit slikt vegprosjekt.

Einaste farbare alternativet er at Nye Veier AS får vegstrekningane Ålesund–Oppland grense og Ålesund–Molde inn i sin portefølje, dei kjem til å bygge vegsystema, smartare, billigare, tryggare og med ny miljøteknologi, som også heldigvis vil medføre at lobbyselskapet Møreaksen AS blir lagt ned tvert.

Fylkeskommunen skal spare pengar og kutte i blant anna vidaregåande skule.

Fylket kan då berre gå ut av selskapet Møreaksen AS, så har dei frigitt dei 7 402 500 kr som fylket har i aksjekapital her.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Hans-Peter Kaaresen 1 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 3 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Anne Mari Sandshamn 6 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasDu har så rett Arne. Å føre en dialog for en selv er ikke vanlig.
Bjørn Nøstvold 6 dager siden Venstre gir seg selv en rett venstre
Ønsker en forandring, stemmer en for forandring.
Vidar Hölm 7 dager siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse