Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
25 juni 2024 10:06
Del på Facebook
Historietime i full konsentrasjon. Foto: Bernt Bøe
Historietime i full konsentrasjon. Foto: Bernt Bøe

Bøfjord-dag er fast innslag når niande klasse i Surnadal avsluttar skuleåret. Da hører historietime på sjøbruksmuseet med. Slik også sist onsdag.

Dertil fekk Bøfjorden Sag besøk av dei to klassegruppene. Her var mykje å oppleva om ei bedrift som har funne sin særeigne plass i trelastindustrien og sysselset mange.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Avsutninga av dagen skjedde med mat og leik ved Røsslyngen 4H sin gapahuk i Mjøksanden.

Historikk på museet

Men før det var Bøfjorden Historielag vertskap på sjøbruksmuseet. Der sat fortida og forteljingane laust. Elevane viste imponerande interesse, og mange fekk prøve utstyr frå samlinga.

Alle testa kunnskapane sine i ein quiz, eller «haubrott», som eksamen. To av bordlaga klarte faktisk 24 rette av 24 delvis vanskelege spørsmål!

Historielaget har som uttrykt mål «å gjera levande og vidareformidle lokal historie og tradisjon». Kva er da betre målgruppe enn unge i konfirmasjonsalderen?

Hindenburg – og tysk bombe

Kanskje vil dei hugse litt og – om skipsbygging og om «Bøfjord»-mannskapet som vart heidra av rikspresident Hindenburg etter å ha berga tyske fiskarar under storm i Østersjøen. Om sandfraktinga til oppbygginga av Kristiansund etter krigen. Og om bomba som trefte dampbåten – utan å eksplodere: Styrevengen av denne bomba eig museet.

Annonse
Annonse

Sag, meieri og Mannbjønn

Oppgangssaga Zetumb Saug dreiv stort i «hollendertida» på 1600-talet. Og meieriet i Ådalen leverte smør til Newcastle for 120 år sia. Frå 1940 var det bureising i Settemsdalssletta.

Men aller mest inntrykk gjorde kanskje den forferdelege historia om Mannbjønnen som drap fem menneske i 1770-åra – før meisterskyttaren Tølløv fekk livet av han. Om det no var med sølvkule eller ikkje…

Jan Einar i oljehyre, Nicole med «skjømla» for å skremme silda inn i nota. I andre handa held ho vengen av boma som eit tysk fly sleppte over rutebåten i 1940. Foto: Randi BøeJan Einar i oljehyre, Nicole med «skjømla» for å skremme silda inn i nota. I andre handa held ho vengen av boma som eit tysk fly sleppte over rutebåten i 1940. Foto: Randi Bøe

Leon «gjekk til filmen» - i drakt som var bruka i kinosuksessen «Same Jakki» frå 1957. Foto: Bernt BøeLeon «gjekk til filmen» - i drakt som var bruka i kinosuksessen «Same Jakki» frå 1957. Foto: Bernt Bøe

Søvestringen passa perfekt til Tora – her toler ho både regn og sjøskvett! Foto: Randi BøeSøvestringen passa perfekt til Tora – her toler ho både regn og sjøskvett! Foto: Randi Bøe

To lag scora fullt hus – 24 rette – på «eksamen» til slutt. Her er eine vinnarbordet – der kvar fekk museets penn i premie. Foto: Bernt BøeTo lag scora fullt hus – 24 rette – på «eksamen» til slutt. Her er eine vinnarbordet – der kvar fekk museets penn i premie. Foto: Bernt Bøe

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Geir Ole Sætremyr 9 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje Sundsbø0-alternativet er fortsatt ferge slik som no.Å flytte til Mordalsvågen vil med ny veg til Fuglset vil kreve fremming av ...
Terje Sundsbø 11 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrDet er ingen katte i sekken. Sekken består av bl.a. null-alternativet (fortsatt ferge), som også inneholder et alternativ med flytting ...
Geir Ole Sætremyr 17 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDer kom katta ut av sekken. Ein provokasjon for ny veg Julbøen til Fuglset. Samla kostnad 10 mrdFlytting av fergeleiet ...
Terje Sundsbø 17 timer siden Demokratiets veivalg
@Geir Ole SætremyrAt fjerning av flaskehalser på E39 medfører større trafikk er jo hele hensikten. Da er en ny trasé påkrevd, ikke ...
Geir Ole Sætremyr 18 timer siden Demokratiets veivalg
@Terje SundsbøDersom du studerer trafikkdata frå tellepunkta til SVV vil du sjå at å flytte trafikken frå noverande fergeterminal tikl ny ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse