Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
KSU – Vipps – desktop
Bernt Bøe
Artikkel
26 juni 2024 14:17
Del på Facebook
Pensjonistlaget inntek dagens lunsj i maritimt miljø. Foto: Bernt Bøe
Pensjonistlaget inntek dagens lunsj i maritimt miljø. Foto: Bernt Bøe

Rindalingar og bøfjordingar har i alle år utfylt kvarandre. Det var hyggeleg og lærerikt for oss «uti fjordå» da Rindal Pensjonistlag nyleg besøkte museet vårt.

Etter ein fotokavalkade over lokalet sine 90 år (først 60 år som allbruks grendahus, deretter som Bøfjorden Sjøbruksmuseum) sørga historielaget for eit betimeleg matmål til gjestane.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Mellom husets utstillingar av sjøbruk – frå skipsbyggjarutstyr til kaggar og vadbein, frå skutemodellar til kleppfiskkassar – og med talande foto på veggane, dukka det fram gjensidige historier.

Vart overraska av floda ved Bøkleppen

Her bidrog gjestane rikeleg. Ann Grimsmo hadde høyrt om rindalingar på bytur som la båten sin under ei berghylle i le for landvinden, men ikkje tenkte på at sjøen fell og flør. Denne anekdoten har endatil Leif Halse med i ei av bøkene sine.

Det skal ha skjedd attmed brattaste Bøkleppen. Da sjøen flødde slik at mastra på geitbåten tok oppunder berget, vart ein av rindalingane storleg fortenkt: – Nei, no ferstår e itt-nå. Enten så veks ho, mastra – ell så sig ´n, hammaren!

Drakt frå flmen «Same Jakki»

Litt norsk filmhistorie høyrde også med. Frå suksessen «Same Jakki» (som representerte Norge i Cannes-festivalen 1957) har museet fått ei drakt i gåve. Den tilhøyrde aktør og konsulent Anders Pentha, som gav ho til sin venn og reiselivskollega Ole Flessen. Og han forærte museet dette klenodiet. Margret Meland stilte som «mannekeng» og måta på seg utstyret.

Mannbjønnen og Skyttar-Tølløv

Både bøfjordingar og rindalingar har eigarskap til ei av tidenes mest dramatiske dyrehistorier – om Mannbjønnen og Skyttar-Tølløv.

Museumsvert Bernt Bøe tok kortversjonen: Bjønnen drap fem menneske rundt Bøfjorden i 1770-åra. Først (truleg) var det bonden i Trodalen, deretter to gjetarjenter (på Dragset og i Hennadalen), seinare ei gjetartaus på Kalset og ein gjetargut i Åkvika.

Sommaren 1776 vart den berømte jegeren Tølløv Pedersen (Perså) Folldal engasjert av Stangvik-offiseren Meldahl for å få endskap på dette forferdelege. Tølløv jakta rundt heile området, i følgje med skiftande mannskap. Historia fortel at han skaut Mannbjønnen oppmed Hjelmen.

Bjønnastøtta

150 år etter vart den såkalla Bjønnastøtta reist i Haugaskaret: «Til minne om dei folk bjørnane* drap og om den djerve bjørneskyttaren Tølløv Person Foldal, som i åra 1775-1776 frelste desse bygdene frå rovdyrplagen og skaut Mannbjørnen, reiste ungdom av Aasskard, Halsa, Valsøyfjord denne steinen Anno 1926.»

At dei skreiv «bjørnane», skuldast manglande innsikt. Fagfolk har slege uttrykkeleg fast at det berre var ein, sinnsjuk, bjørn som drap dei fem menneska. Noko liknande har elles aldri skjedd i heile verda!

Tett på Skyttar-Tølløv

Gjestane frå Rindal utfylte historia med mange opplysningar om Tølløv.

– Han var fødd i Folldalen i 1712 og vart gift med Ingeborg Kirkholt frå Romundstadbygda, visste Ragnhild Stavne Bolme.

Annonse
Annonse

– Blant dei fem borna var Ola – den berømte «Kårøyskyttaren».

Marit Bolme skaut inn at Tølløv den siste tida budde like ved heimen hennar – Bolmvollen, visstnok i eit eldhus her. Han døde i 1795, 83 år gammal.

Det finst att både våpen og nokre andre tøler etter bjørneskyttaren.

– Museet i Rindalen har ein kløvsal med bokstavane hans og årstalet, fortalte Ragnhild.

– Den er visst komen frå Kirkholtgarden. (Bøfjorden Historielag har foto av den.)

Jostein – etterkomar av meisterskyttaren!

Og ein retteleg godbit for historieinteresserte bøfjordingar var det å treffe Jostein Grytbakk blant gjestane i pensjonistlaget: Jostein kunne fortelje at han på morsida er direkte etterkomar av sjølvaste Skyttar-Tølløv!

Historielaget tek gjerne imot besøk frå Rindalen (og andre stader) oftare. Dette vart ein gjevande føremiddag – kanskje gjensidig, til og med!

Margret Meland i drakt frå suksessfilmen «Same Jakki». Foto: Bernt BøeMargret Meland i drakt frå suksessfilmen «Same Jakki». Foto: Bernt Bøe

Gjestane ser ut til å trivast mellom båtskrog, skipsbilete, fiskekassar og skutemodellar. Foto: Bernt BøeGjestane ser ut til å trivast mellom båtskrog, skipsbilete, fiskekassar og skutemodellar. Foto: Bernt Bøe

Hammaren «som seig» var visstnok dette framspringet fremst på Bøkleppen. Foto: (ein uvanleg blekkstill dag) Bernt BøeHammaren «som seig» var visstnok dette framspringet fremst på Bøkleppen. Foto: (ein uvanleg blekkstill dag) Bernt Bøe

Bjønnastøtta vart reist ved 150-årsminnet for Mannbjønnens endelikt. Foto: Bernt Bøe    Bjønnastøtta vart reist ved 150-årsminnet for Mannbjønnens endelikt. Foto: Bernt Bøe

Tett på Skyttar-Tølløv: Jostein Grytbakk er direkte etterkomar, Marit Bolme så å seie «nabo». Foto: Bernt Bøe

Kløvsalen etter T(ølløv) P(eder)S(en) anno 1758 – som vi kan lesa. På denne frakta han nok mykje jaktutbytte! Foto: Kari-Elin Bolme LøfaldliKløvsalen etter T(ølløv) P(eder)S(en) anno 1758 – som vi kan lesa. På denne frakta han nok mykje jaktutbytte! Foto: Kari-Elin Bolme Løfaldli

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

https://www.rbnett.no/nyheter/i/JblPd4/stor-ryddejobb-i-fylket-kvitter-seg-med-13-selskaper, jaja, da er iaffal MA ute av dansen på enda lengre tid :) Sitat fra innlegg i RB jeg ...
@Terje SundsbøDet er vel nettopp reduksjon av trafikken i Ålesundstunellane som er saken.Ekspressbusser korresponderer med fergene utan ventetid, begge retninger. Prioritert ...
@Geir Ole SætremyrDu mener det er viktig å unngå økning i trafikken. Da gjelder det vel å unngå den enorme trafikkøkningen i ...
@Terje SundsbøNår det gjeld Møreaksen har vi i våre høyringar gått i rette med SVV sine prognoser der trafikken i eit ...
@Geir Ole SætremyrØkt trafikk er vel et problem også når det skjer på Sunnmøre. Siden vi nå kommenterer en artikkel om Møreaksen, ...
@Terje SundsbøDet tendensiøs er at du linker alt opp mot Møreaksen for å implementere det i vidare tankerekke.Økt trafikk er eit ...
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse