Vi bruker informasjonskapsler for å forbedre brukeropplevelsen. Besøk vår personvernside for mer detaljer.
Annonse
Ein håpar Buamarsjen i helga får betre ver enn «Brumarsjen» hausten 2014 (her)! Foto: Lars Polden
Ein håpar Buamarsjen i helga får betre ver enn «Brumarsjen» hausten 2014 (her)! Foto: Lars Polden

Marsj og roing frå Settemsørane er blant innslaga under Bøfjordhelga 2024. Det skjer om føremiddagen komande laurdag 13. juli.

Marsjen er både ei markering av for kva Bøbrua frå 1964 betyr og ei samling om årets store helg.
– Brua knytte bøfjordingane saman til eit nytt folkeslag, seier Randi Irene Bæverfjord. Ho tok initiativ brumarsj ved 50-årsjubileet i 2014. – Under årets Bøfjordhelg, som fokuserer på Coop’en si framtid, kallar vi den Buamarsjen, smiler ho og oppfordrar små og store til å delta.

Til lands og til vanns

Starten skjer på Settemsørane – for gåande og roande. Samtidig som fotfolket togar landvegen utover Bølandet, vil kyrkjebåten «Hjelmkonnå» ro langs landet. Roinga startar ved Øravorren, kryssar Bøsundet slik skuletrafikken gjekk i gamle dagar og held fram til butikken i Ilabukta.
Både ved grendahuset Kveldheim og rundt butikken er dagen spekka med program.

Ei ny tid

Med brua vart Bølandet uavhengig av båt for skule- og annan passasjertrafikk og transport av mjølk og andre varer. Saknet av «dampen» og rutebåten «Årsundfjord» vart til å bera når den nye tida inntok fjordbygda.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Premiering og håp om godver

– Med startkontingenten for marsj og roing betaler ein for trekning av flotte premiar etterpå, seier Randi Irene Bæverfjord.

No håpar ho og arrangørkomiteen berre at Bøfjordhelga blir velsigna med godt og tenleg ver!

På kyrkjebåten «Hjelmkonnå» kan ein delta i «bua-roing». Dette set preg på arrangementet. Foto: Bernt G. Bøe (arkiv)På kyrkjebåten «Hjelmkonnå» kan ein delta i «bua-roing». Dette set preg på arrangementet. Foto: Bernt G. Bøe (arkiv)

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

@Terje SundsbøDet er vel nettopp reduksjon av trafikken i Ålesundstunellane som er saken.Ekspressbusser korresponderer med fergene utan ventetid, begge retninger. Prioritert ...
@Geir Ole SætremyrDu mener det er viktig å unngå økning i trafikken. Da gjelder det vel å unngå den enorme trafikkøkningen i ...
@Terje SundsbøNår det gjeld Møreaksen har vi i våre høyringar gått i rette med SVV sine prognoser der trafikken i eit ...
@Geir Ole SætremyrØkt trafikk er vel et problem også når det skjer på Sunnmøre. Siden vi nå kommenterer en artikkel om Møreaksen, ...
@Terje SundsbøDet tendensiøs er at du linker alt opp mot Møreaksen for å implementere det i vidare tankerekke.Økt trafikk er eit ...
@Geir Ole SætremyrHva mener du når du hevder at mitt spørsmål er tendensiøst - det er jo svært likt det du selv ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse