Annonse
Bernt Bøe
Artikkel
Bernt Bøe
12 desember 2024 09:36
Del på Facebook
Liturgisk dans kan vera forkynning utan ord. Her ser vi fire av dei 7 konfirmantane i dansegruppa. Ved pianoet Amund Valde.
Liturgisk dans kan vera forkynning utan ord. Her ser vi fire av dei 7 konfirmantane i dansegruppa. Ved pianoet Amund Valde.

Gi utfordring! Vis tillit! Og resultatet blir lysande!

Onsdagens lysmesse med unge krefter i Åsskard-kyrkja var bokstaveleg tala ei strålande stadfesting av påstanden.

Annonse
Annonse

Stil og høgtid

21 konfirmantar frå Surnadal utførte liturgien suverent. Her var talande symbolbruk av levande lys, stilfull prosesjon, lesing av gode tekster og bøner, liturgisk dans og korsong. Ein tankevekkjande andakt var forma som samtale mellom to jenter.

Konfirmantane viste seg tilliten verdig. Kvar av dei tok godt vare på sine oppgåver. Og ikkje minst synte dei den ro og høgtid som hører heime i kyrkjehuset.

Vaksne hjelparar

Etter solid arbeid på førehand kunne prost Vidar Rygh og kateket Odd Erik Stendahl lene seg tilbake og overlate kvelden til disiplane sine.

Kyrkjeverje Tor Rune Halset sørga for klokkeklang og TV-formidling. Organistane Amund Valde og Bernt Bøe la til musikk etter behov.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Randi Bøe, Sverre Hatle, Kay Arne Svensli, Jane Svensli, Kari Aarnes og Aashild Settemsdal utførte andre stabsoppgåver. To femteklassingar, Harald Aasbø og Einar Vetleseter Melling, fekk kvar sin Teikneseriebibel i gåve frå kyrkja si.

Peikar mot jul

Konfirmantane sin innsats denne kvelden var bokstaveleg tala lysande! Den løfta vakkert fram lovnadene som peikar mot jul. Preikedialogen med Solvor og Ada fokuserte på ei høgtid med Jesus i sentrum.

Adventsserien med lysmesser i Surnadal starta i Todalen søndag og blir avslutta i Mo kyrkje torsdag kveld.

Før messa: Vidar Rygh instruerer prosesjon med kors-symbolikk.Før messa: Vidar Rygh instruerer prosesjon med kors-symbolikk.

Lysmessa vart avslutta med korsong av konfirmantkoret – til tonefølgje av Amund ved pianoet.Lysmessa vart avslutta med korsong av konfirmantkoret – til tonefølgje av Amund ved pianoet.

Annonse
Annonse
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Dette sier de nok fordi de vet at det ikke gjør noen forskjell. Det er kapasitet nok til å eksportere ...
Terje Sundsbø 7 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
Sunnmørsposten har publisert sin egen versjon av Rasmussens kronikk - de har fjernet alle linker. Det er skremmende at en ...
Terje Sundsbø 7 dager siden Statlig eller kommunal fergedrift?
En meget tankevekkende artikkel som bør leses: https://www.rbnett.no/meninger/i/lwe9yL/kan-vi-adressere-det-faktiske-problemet"Ein kan til stadigheit lese innlegg i avisene frå godt vaksne menn som ...
Hans-Peter Kaaresen 11 dager siden Forvaltningslovens vegvalg
Bra skrevet Paul.  Loven blir tydeligvis praktisert forskjellig.  I løpet av de neste 12 åra som MA er satt på ...
Terje Sundsbø 12 dager siden FrP leverer det vi lova
Frp kan takke dagens regjering for at partiet kan innfri sine valgløfter, ikke egen innsats. Men det er typisk for ...
Terje Sundsbø 15 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Anne Mari SandshamnSom vanlig ingen saklige argumenter verken til Rasmussens artikkel eller mine momenter. Det oppsummerer motstanden mot Møreaksen i et nøtteskall.
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse