Annonse
Annonse
Illustrasjonsfoto av vindindustri. Foto: Steinar Melby
Illustrasjonsfoto av vindindustri. Foto: Steinar Melby

(Tekst: Øyvind Kjus,- etter Kristofer Janson’s «Uppå fjellet» og Hartvig Kiran’s «Jotunheimen Jitterbug – se video nedenfor»)

Nidvise mot vindkraft

Hu hei! Kor var det vel friskt og lett
Inni skogen, uppå fjellet
Der såg me tiurleik og fiskesprett
Rundt i skogen, uppå fjellet
No stend turbinane tett i tett
Og digre vingar sviv og fuglen dett
Ut me’ fjorden, uppå fjellet

Her legg dei vegane rakt og rett
Kor det smell’e ! Kor det skrell’e !
Det er eit mareritt rett og slett;
Elle melle ! Vekk med fjellet !
På Fosen, Frøya og nord på Stord
På høge nutar attmed tronge fjord
Det skrell og smelle, alle stelle.

Med Cruisetrafikk er det no forbi
Langsmed fjorden, langsmed fjellet
No e’ det komen vindindustri
Alle stelle, rundt i fjellet
Sjå høge mastar mot himlen stig
og digre vingar, ja dei sviv og driv
folk vekk frå fjorden og frå fjellet

Og når så soli til kvile gjeng
Attum fjellet, attum fjellet
Då tennes ljos i turbinens veng
Mot himmelhellet, over fjellet.
Det er som er du på Tivoli
og duren, -ja den kjem du aldri fri
Du sit i felle, der ved fjellet

Ja tyskerane dei vann til slut
No eig dei fjellet, alle stelle
Med mark og euro dei kjøp’t oss ut
«Vielen danke, mein geselle»
Kommunekassa renn full av gryn
Og pampar køyrer rundt i limousin
Lat dei felle, utfor fjellet.
Ja, lat dei felle, utfor fjellet!

Hartvig Kiran - Jotunheimen jitterbug (Hartvig Kiran)

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til post@ksu.no.
For kommentarer vennligst bruk kommentarfeltet under.

Annonse
Annonse
Bok - tilbake til livet
Annonse

Hva skjer?

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansund og omegn. Det er gratis å legge til oppføring i kalenderen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i litt større format og tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte