Annonse
Jon Georg Dale
Ytring
Jon Georg Dale
17 juni 2020 14:07
Del på Facebook
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Tysdag skriv Kristin Sørheim ein heil haug med bortforklaringar av Møre og Romsdal Senterparti sine faktiske prioriteringar. Det kunne ho like godt ha spart seg.

Møre og Romsdal Senterparti har under Sørheims leiing i fylkestinget gjort det til ei paradegrein å seie ein ting før valet, og gjere det stikk motsette etter valet.

Det siste året har vi sett det ei rekke gongar, men eg skal nøye meg med eit par eksempel.

  • Senterpartiet lovar gratis ferjer før valet, for deretter å auke prisane med 2 takstsoner etter valet.
  • Senterpartiet lover å ta vare på ein desentralisert skulstruktur før valet, og det første dei gjer etter valet er å legge ned vidaregåande i Vanylven.

Slik held Sørheim på i sak etter sak. I staden for å ta ansvar, held Sørheim det gåande med lettbeinte sleivspark i alle retningar. So også i gårsdagens innlegg.

Igjen sprer Sørheim bevist feilinformasjon når ho hevdar fylka ikkje har fått auka overføringar til ferjedrift. Det er beviseleg feil, uavhengig av Kor mange gongar Sørheim gjentek bløffen om det motsette. Det er vel strengt tatt også grunnen for at Senterpartiet vart pressa tilbake til å kutte takstauken. Eit fylke som går med 300 millionar i overskot er ikkje akkurat på konkursens rand.

Sørheim gir seg ikkje der. No raser ho også over at Nordmøringane får bompengekutt på Atlanterhavstunnelen, akkurat som folk fekk gleda av bompengekutt på Vågstrandtunellen ved nyttår.

Ikkje ei krone spart unner ho bilistane som har måtte betalt i dyre dommar for å kome seg til å frå arbeid. Senterpartiet gled seg nemleg meir over at dei sjølv får auke fergetakstane, enn at FrP får kutta bompengane.

Framfor å gle seg over at innbyggarane i Møre og Romsdal no sparer hundrevis av millionar i lågare bompengar, takka være FrP slår Sørheim til på nytt:

«FrP prioriterer berre bompengekutt til byane, ikkje kutt til ferje i distrikta», er gjennomgangsmelodien Sørheim har sett på repeat. Eg har mykje godt å seie både om Vågestranda og Averøya, men bypreget sitt er nok ikkje det dei er mest kjende for.

Men så er det heldigvis heller ikkje sant at vi berre kuttar bompengar i distrikta, sjølv om det er bra. Vi styrkar også fergetilbudet.

Eit godt døme på det er fleire ferjer, og hyppigare avgangar på dei fleste riksvegferjer i fylket. Vedtatt og finansiert når FrP var i førarsetet for Samferdselsdepartementet. Men det stoppar ikkje der. I dag behandlar Stortinget kommuneøkonomiproposisjonen, saka som fastset rammene til fylka. Det framgår det klart og tydeleg at overføringane til ferjefylka er auka med over ein halv milliard sidan Senterpartiet vart kasta ut av Kommunaldepartementet i 2013. At Sørheim har valgt å bruke pengane på Opera framfor ferge, det må ho nesten ta ansvaret for sjølv.

Akkurat slik er det også i kampen for dei vidaregåande skulane. Det sjølvutnemnde distriktspartiet klinkar til å kuttar i skuletilbudet i distrikta. Medan dei bygg nye skular i byane i fylket. Fremskrittspartiet kjempar kampen mot denne sniksentraliseringa av tilbudet i Vidaregåande opplæring i fylket. Men ein må jobbe hardt om ein skal stoppe Sørheim no får styrefart. Overskot på 300 millionar kan ikkje berge tilbodet til elevande i Vanylven, dei pengane skal Sørheim ha i fond.

Slik går altså denne tralten. Men no er det på tide at Sørheim gir seg med målretta forsøk på historieforfalsking.

Eg er derfor villig til å inngå ein avtale:

Om Senterpartiet sluttar å bløffe om FrPs politikk, skal vi vurdere å slutte å fortelle sannheita om Sørheims krumspring. Det vil Sørheim truleg tene på.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse

Innlogging

Siste kommentarer

Vidar Hölm 16 timer siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
"Nå er det ikke tid for «blame game», sa helseminister Jan Christian Vestre (Ap) til Sunnmørsposten 24. oktober. Jo, det ...
Vidar Hölm 16 timer siden Neste år er det igjen Stortingsvalg
Norges offentlige helsevesen er i full krise og det er det nettopp Arbeiderpartiet som har hovedansvaret for! Helsereformen 2002/Tore Tønne. ...
Ketil Strand Andersen 4 dager siden Skremmende fremtidsscenario
Bra innlegg. Valg til neste år, da gjelder det.
Terje Sundsbø 5 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
Hvor lenge kan motstanderne av Møreaksen skjule kostnadene med fortsatt ferge? "Når fergene avløses av Møreaksen frigis enorme mengder strøm, ...
Terje Sundsbø 5 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Arne AlmaasFakta er bedre enn fabler, spesielt i diskusjoner om samferdsel. Dine metaforer om elefanter kommer vi ingen vei med. Spesielt ...
Arne Almaas 5 dager siden Kostnadsreduksjoner på og med Møreaksen
@Terje SundsbøDet eneste jeg ønsker å kommentere er at det ikke er vits i å kommentere dialogene du og RR har ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse