Annonse
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
Ytring
Frank Sve, fylkes- og gruppeleiar i MR FrP
15 juli 2020 22:10
Del på Facebook
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Frank Sve, fylkesleder og gruppeleder i Møre og Romsdal FrP. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Frank Sve, FrP svarer på innlegget Rødt kjemper mot vindkraft, Morten Walløe Tvedt, fylkesleder Rødt Møre og Romsdal, som var en kommentar på Frank Sves opprinnelige innlegg:  FrP er imot vindmøller, både på land og til havs

Når mottoet er, vêr mot absolutt alt og alle, og samtidig ynskjer eit samfunn som slett ikkje liknar det vi har her i landet, er ikkje Rødt egentlig bryet vert å bruke tida si på.

Rødt din eksistens er tufta på gamle AKP som arbeidde for å avskaffe det Norske demokratiet etter open revolusjon og ville innføre partidiktatur etter kinesisk modell.

Vi ser fortsatt at dei skal vere «kommunistisk, og ha revolusjon for å skape eit heilt anna samfunn en det Norge er tufta på.

Etter at vindkraftsaka på Haramsfjellet er endeleg behandla av regjeringa ved Statsråd Tina Bru, våkner brått Rødt og Morten Walløe Tvedt opp og skal liksom «redde saka» angående vindkraft på Haramsfjellet. Truverdig?  Nei slett ikkje når ein veit kva Rødt egentlig står for her i samfunnet!

Ang vindkraftsaka på Haramsøya framstår Rødt sin Morten Walløe Tvedt som eit orakel som svirrar rundt med eit juristflagg, utan mål og meining om verken realisme eller reell juss. Både Rødt og andre veit så inderleg vel kven som fekk vindmøllesaka på sitt bord ang Haramsøya, og det var Høgre og Tina Bru, som også behandla saka i regjering.

Jada, vi ser kva Rødt bedriver, og det er eit fritt land og alle må få holde på med sitt. Det tok meg derimot ikkje mange sekunda inn i innlegget frå Rødt, for eg faktisk forstod at denne saka har dei overhode ikkje sett seg inn i. Rødt snakkar om FrP heile tida, som om det var våre statsrådar som behandla og gav konsesjon på Haramsfjellet!

Både Tvedt og andre burde vite at dette var det Terje Riis Johannesen frå SP som gjorde i 2009, og ei raud/grøn regjering som påtvinges statleg plan. Og resten gidd eg faktisk ikkje kommentere, men vedkommande burde vite at faktisk det FrP gjorde i regjering i Olje og energidepartementet, var å STOPPE tildeling av alle nye konsesjoner inn til lovverket vert gjennomgått på nytt, enda eit område som Rødt overhode ikkje har fått med seg.

Det ser ut som om Rødt sin Tvedt har starta ei eller anna «konkurranse» i å forvrenge realitetene i behandling av saker både på fylket og i Stortinget. Ikkje eit einaste framlegg angående vindkraft på Haramsfjellet som Rødt har fremma, har verken eg, FrP her i fylket eller andre stemt imot. 

Nei, istaden vart mitt og Tove Lise Torve sitt framlegg vedteke i fylkestinget, og Rødt sitt framlegg samrøystes oversendt til ei «skuff» i fylkesrådmannen sin kontorpult. 

Ellers kan den som har lyst og tida sjå kva som faktisk vart behandla i Stortinget ang vindkraft på Haramsfjellet, så vil alle sjå at den reelle saka vart fremma av FrP og Sylvi Listhaug med flere, 
medan Rødt snubla rundt og famla med eit markeringsframlegg nokre timar før Stortinget vart stengt før ferien.

Eg har ei oppmoding til Rødt sin Morten Walløe Tvedt:
Begynn med å lær deg kommuneloven slik at du ikkje tyner deg ut kvar ein einaste dag i bystyret i Molde, samt også les deg opp på at plan og bygningslova heller ikkje er ei lov som du og andre kan bruke som ei «ulik fane» etter kva som passar dykk best i ulike saker.

No brukte eg litt tid på Rødt, det skal bli lenge til neste gong, det kan eg saktens love.

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrOgså kvalitetssikringen fra KS2 rapporten viser altså at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bompriser, er større enn med ferge.Utslippene ...
Geir Ole Sætremyr 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEg har bedt om innsyn i Effekt-rapporten som SVV sende til TØI som utfyllende utrekningar som TØI/Dovre skulke kvalitetssikre.Det som ...
Terje Sundsbø 2 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge. Jeg gjentar - dette er fra ...
Geir Ole Sætremyr 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøEr klar over at SVV brukar standard programvare for beregningene.  Men, blir det meir riktig?Der er vel ei smertegrense for ...
Terje Sundsbø 3 dager siden Slutt med svada Sve!
@Geir Ole SætremyrKS2-analysen viser at transportgrunnlaget på Møreaksen, selv med høye bomsatser, er større enn med ferge.
Geir Ole Sætremyr 4 dager siden Slutt med svada Sve!
@Terje SundsbøDette er di tolking Fram til 2022 tall er bompengesatsane det samme som det svv har brukt I grunnlagsmaterialet.  Det kan ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse