Annonse
Annonse
Møre og Romsdal / Vestland / Rogaland
Ytring
30 mars 2021 12:18
Vestlandsfylka er eksportmotoren for heile landet. Ingen andre stadar blir det skapt større eksportverdiar. No trengst det eit krafttak for å styrke denne motoren i åra som kjem. Vi i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland fylkeskommune står klare, sier Per Vidar Kjølmoen, fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: MR fylke.
Vestlandsfylka er eksportmotoren for heile landet. Ingen andre stadar blir det skapt større eksportverdiar. No trengst det eit krafttak for å styrke denne motoren i åra som kjem. Vi i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland fylkeskommune står klare, sier Per Vidar Kjølmoen, fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: MR fylke.
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.

Om det er eitt tidspunkt i historien der vi skal satse tungt på næringsutvikling, så er det no. Vi i vestlandsfylka vil ta ei leiande rolle for å skape dei rammevilkåra som næringslivet treng i åra som kjem.

Vestlandsfylka er eksportmotoren for heile landet. Ingen andre stadar blir det skapt større eksportverdiar. No trengst det eit krafttak for å styrke denne motoren i åra som kjem. Vi i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland fylkeskommune står klare.

Å stå på staden kvil, er ikkje bra nok. I takt med at olje og gass blir mindre viktig for verdiskapinga i landet, må vi gjere andre næringar sterkare. Målet er korkje nedgang eller stagnasjon. Målet er å auke eksporten, skape fleire arbeidsplassar og legge grunnlaget for eit godt velferdssamfunn også i framtida. Vi i dei tre vestlandsfylka skal gjere vårt gjennom Vestlandsrådet. No utarbeider vi ein felles næringsstrategi, i tett samarbeid med forskarar og næringslivet sjølv.

– Men kva skal til?

Denne våren får mange bedriftsleiarar dette spørsmålet. Det same får leiarar innan akademia og innovasjonsmiljø, bankfolk og forskarar. Tilsette i destinasjons- og næringsselskap må svare på det same. Kva skal til for at di bedrift, di næring, dine samarbeidspartar skal vekse og utvikle seg?

Svara vi får, vil danne grunnlag for den nye, felles næringsstrategien for Vestlandet. Ein strategi som set retning, som viser kvar Vestlandet har potensiale for vekst og som gir tydelege råd om kva rammevilkår som må vere på plass for å oppnå den utviklinga og veksten vi og landet treng.

Korona-pandemien har skapt ei akutt krise. Akkurat no har mykje forsvunne for mange. Enten det er ordretilgangen for verfta eller bookingar frå utanlandske gjester ved fjordhotella. Bak ligg det grøne skiftet, sentralisering, digitalisering, automatisering og geopolitiske endringar der Asia styrkar seg. Alt frå fiskeoppdrettarar på kysten til familieverksemder lengst inn i fjordarmane må møte dette. Samla byr dette på utfordringar, men også store moglegheiter - om vi er aktive, grip sjansane og samarbeider godt. Då er ein felles næringsstrategi eit bra utgangspunkt.

Strategien skal vere klar i juni. Det er berre første steg. Vi skal vere ein premissleverandør for gode rammevilkår og effektiv næringspolitikk. Næringsstrategien vil vere grunnmuren for den felles røysta som talar næringslivet si sak. For det er saman vi står sterkast.

Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland har lik næringsstruktur, mykje råstoff, kloke hovud og eit standhaftig, innovativt og omstillingsdyktig næringsliv. Dei treng fylkeskommunar som speler på lag for å nå felles mål. Den medspelaren har vi tenkt å vere.

Av:

Per Vidar Kjølmoen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sigrid Brattebø Handegard, Vestland fylkeskommune
Solveig Ege Tengesdal, Rogaland fylkeskommune

Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
Annonse

Tidligere meningsinnlegg

Siste kommentarer

Terje G. Finnøy 2 minutter siden Sunnmøre på rett vei
@Terje SundsbøFakta? Forholder du deg, som "blind" MA tilhenger til fakta, der du repeterende kjører på med MA "propaganda"? Informasjon som ...
Terje G. Finnøy 8 minutter siden Sunnmøre på rett vei
Det blir hevdet over 30 års planlegging ifbm. omveien og tunneltraseen Møreaksen, en trase ned mot Tomrefjord fra Ørskogfjeller, under ...
Terje G. Finnøy 9 minutter siden Sunnmøre på rett vei
Det blir av enkelte hevdet oppstart av omveien og tunneltraseen Møreaksen (MA) i 2023? Men stemmer virkelig det da? Joda, ...
Terje Sundsbø 11 timer siden Sunnmøre på rett vei
@Terje G. Finnøy Så var det dette med fakta igjen. Det har aldri vært planen å bygge hele Møreaksen fra Breivika i Ålesund ...
Terje G. Finnøy 17 timer siden Sunnmøre på rett vei
At omveien og tunneltraseen MA nå tydelig fremstår som ett stykkevis og delt prosjekt, er på lik linje med det ...
Ketil Strand Andersen 19 timer siden Une Bastholm nominerer David Attenborough til fredsprisen
Den problemstillingen Bastholm ikke fatter er at våre naturressurser er begrensede. Vi har f.eks. en gitt mengde rent vann fra ...
Annonse

Hva skjer

Under finner du en oversikt over arrangement i Kristiansundsregionen.

Trykk her for å legge til arrangement

Trykk her for kalender i større format og valg av periode. Her vil du også kunne finne tilknyttede artikler og annonserte arrangementer.

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse

Våre utvalgte