Korleis kan Sp skrive på si t-skjorte, «Nær folk», når dei støttar Møreaksen som folket her i fylket slett ikkje vil ha?
Nær folk betyr å faktisk bry seg om kva folket og veljarane meiner i viktige saker her i fylket.
Når meir enn 75 prosent av innbyggjarane IKKJE ynskjer Møreaksen, blir det slett ikkje å vere «Nær folk» å faktisk gje blaffen i folket sine meiningar.
Det er faktisk stikk motsatt, når Sp og Klinge hevar seg over folket si vilje, og er med på å presse igjennom Møreaksen, då er Sp og Klinge milevis vekk frå folket!
Såleis burde Sp raskest råd endre logoen på si valgkampskjorte der det egentlig burde stå, Sp veit best, kva folket meiner bryr vi oss ikkje om!
Vi i FrP lyttar til folket, og har faktisk tenkt å bry oss om kva folket her i fylket meiner.
Møreaksen skal stoppast , og vil dersom DU seier klart ifrå den 13. september aldri bli bygd!
FrP ynskjer Romsdalsaksen eller fortsatt ferjer for kryssing av Romsdalsfjorden, og vi kan ikkje akseptere milevis med tunellar, snart 400 meter under fjorden, gjennom Molde i ein gedigen omveg ut på øyane for E39 gjennom fylket.
STOPP Møreaksen!