«Har nokon sett Vedum og Sp, dei som snakka om at heile landet skulle takast i bruk, nær folk?»
Trygve Slagsvold Vedum har vore høg og mørk dei siste åra då han og Sp var i opposisjon, det same i valgkampen hausten 2021. I følge Vedum skulle avgifter ned og ikke opp. I følge Vedum syntes han blant annet at skatte- og avgftskuttane FrP innførte ikkje var nok. I følge Vedum var det nå vanlige folk som skulle få ein rimeligare hvardag i heile landet.
Nå set Vedum sjølv i finansministerstolen der han kvar einaste dag ser at staten blir styrtrik som følge av skyhøge straumprisar, skyhøg oljepris, skyhøge bensin- og dieselprisar. Med andre ord blir den norske stat styrtrik som følge av disse høge prisane, samtidig som folk og næringsliv sliter for å få endane til å møtast. Det same gjer landets bønder som skulle få det mykje lettare berre Sp kom i regjering. Vedum har derfor en sjeldan god muligheit til å kutte avgifter slik at strømprisar og drivstoffprisar kan bli vesentleg billigare, nettopp fordi statens inntekter nå nærmast fossar inn i finansdepartementet som følge av disse høge prisane.
I følge Sps parlamentariske leiar var det uaktuelt å sete i ei regjering med drivstoffprisar på over 20 kroner per liter.
Vi har fått straumprisar på heilt oppe i 7–8 kroner KWh på sør- og austlandet. Bensin- og dieselprisar på heile 26–27 kr per liter. I tillegg aukar matvareprisane.
FrP har fremma fleire forslag for å redusere straumrekninga for folk og næringsliv, Sp har stemt mot alle forslaga.FrP foreslo også i desember å redusere veibruksavgift på bensin og diesel, Sp stemte imot dette også. Den einaste vinnaren i desse vanskelige økonomiske tider, er finansminister Vedum som kan sjå oljefondet vekse til astronomiske høgder.
No er det på tide å handle før det er for sent. Folk og næringsliv trenger avgiftslettelsar no. Transportbransjen er kanskje den bransjen som no slit mest då fleire av desse transportselskapa har fastpris og ikkje kan sende dei auka kostnadane videre til andre. Dersom det ikkje no blir gjeve avgiftslettelsar, kan ein saktens lure på kven dei vanlige folka er som Vedum snakka om i valgkampen.
FrP er klare for å redusere avgifter slik at kvardagen blir lettare, skulle ynskje Vedum nå hadde det same engasjementet som før han sette seg ned i stolen i finansdepartementet. Der styrer Sp nå ein av verdas største pengebingar, mykje som følge av forskjellige kriser som gjer staten styrtrik, medan befolkninga og næringslivet blir fattigare for kvar dag som går.
Kvar er du Vedum?
Av:
Frank Sve
Stortingsrepresentant FrP, 1. nestleder i Transportkomiteen
Morten Stordalen
Stortingsrepresentant FrP, medlem Transportkomiteen