Annonse
KSU – Vipps – desktop
Åse Kristin Ask Bakke (Ap), medlem av familie- og kulturkomiteen
Ytring
Åse Kristin Ask Bakke (Ap), medlem av familie- og kulturkomiteen
30 juni 2022 10:09
Del på Facebook
Foto: Frank May / NTB
Foto: Frank May / NTB
Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens meninger og holdning.
Denne artikkelen er over 12 måneder gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Reklamebransjens retusjerte bilde av modellar med smale midjer, muskuløse kroppar og plettfri hud, bidrar til auka kroppspress og usunne ideal. Det bidrar til å gi barn og unge eit dårleg sjølvbilde gjennom å skapa venleiksideal som er falske og redigerte. Det er derfor ein gledas dag at regjeringa frå 1. juli innfører krav om at retusjerte bilde må merkast.

Barn og unge veks opp i ein digital tidsalder der sosiale medium og stor tilgang til informasjon gjer dei særleg utsett for press, reklame og uønskt marknadsføring. Det stadig aukande reklamepresset påverkar forventningane til barn og unge til korleis dei faktisk skal, og bør, sjå ut.

Når ein ikkje lenger kan skilja mellom kva som er redigerte eller ikkje, kan dette skapa eit falskt bilde av kva som er ein normal kropp. Dette fører til at unge føler misnøye med eigen kropp, som igjen bidrar til å skapa dårleg sjølvbilde og psykiske problem.

Arbeidarpartiet meiner det er alvorleg at barn og unge blir psykisk sjuke eller får andre plager som følgje av opplevinga av ikkje å leva opp til venleiksideala frå reklameindustrien. For samtidig veit vi at retusjerte bilde er heilt vanleg i reklamebransjen. Gjennom nokre få tastetrykk redigerast reklamebilde til det ugjenkjennelege, med teknologisom er så god at det nærast er umogleg å skilja mellom kva som er ekte og kva som er falskt.

Dei skadelege effektane som det kommersielle marknadsføringspresset har på barn og unge må takast på alvor og eg er derfor glad for at regjeringa 1. juli innfører eit påbod om å merka retusjert reklame. Dette vil gjera barn og unge oppmerksame på at personar i reklamar er fiksa på, og dermed ikkje gjenspeglar korleis dei ser ut i verkelegheita. Eit viktig tiltak i arbeidet for å hindra kroppspress og usunne skjønnhetsideal.

Annonse
Annonse
KSU – Vipps – mobil
Du må være logget inn for å kommentere.
Debattregler   

Laster kommentar… Kommentaren blir oppdatert etter 00:00.

Bli den første til å kommentere.

Likte du denne artikkelen?

Hjelp oss å utvikle KSU.NO videre og bidra med å opprettholde tjenesten fritt tilgjengelig for alle!

Vipps valgfritt beløp til 614043.

Tusen takk!

Send oss leserinnlegg eller tips

Tekst, bilder og video til leserinnlegg, artikler og andre tips, kan sendes til tips@ksu.no.

Annonse
KSU – Vipps – desktop
Annonse
KSU – Vipps – mobil

Innlogging

Siste kommentarer

Terje Sundsbø Nylig Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrFordelen med å dele opp er at oppgaven blir realiserbar.Folk vest for sykehuset på Lundavang må kjøre videre østover til ...
Geir Ole Sætremyr 1 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøDet forstår dei fleste.Kva er fordelen med di løysing?Eg har sett at løysinga er grunngitt med at der vil bli ...
Terje Sundsbø 1 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrÅ dele en oppgave opp i flere trinn istedenfor å ta alt samtidig betyr ikke at intensjonen er endret. Det ...
Geir Ole Sætremyr 11 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøMen, uansett så plasserte Regjeringa,  med Senterpartiet i føringa i transportkommiteen, Møreaksen i utviklingsporteføljen.  Til stor glede for Frank Sve. ...
Geir Ole Sætremyr 12 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Terje SundsbøKva er igjen av intensjonen bak Møreaksen?
Terje Sundsbø 13 timer siden Fjern flaskehalsene!
@Geir Ole SætremyrKrigen i Ukraina gjorde alle samferdselsprosjekter dyrere, ikke bare Møreaksen. Frank Sve (Frp) sin iherdige innsats for å stoppe Møreaksen ...
Annonse

Støtt KSU.NO via bank eller Vipps.

Annonse