Dagens situasjon med skyhøge straum og drivstoffprisar er Sp, Ap og Kjølmoen sin politikk i praksis.
Ikkje det at det er Ap og Sp aleine som har ansvaret for dagens prissituasjon for straum og drivstoff her i landet, men heller det faktum at i 3/4 år har dagens regjering ikkje løfta ein finger for å gjere noko med utfordringane.
Hukommelse kan være vanskeleg, spesielt når ein ikkje «ynskjer» å huske.
Det var siste Stoltenberg regjering med Ola Borten Moe som vedtok dei siste to utanlandskablane til Tyskland i 2012. Borgarlege regjeringa sluttførte dette, men å forsøke seg med slike triks er ikkje deg verdig Kjølmoen.
Dei fleste større parti her i landet, må ta på seg ansvaret for utanlandskablane, kablane ligg der og no må dette regulerast og styrast.
DU, Per Vidar Kjølmoen og resten av Ap og regjeringa stemte imot FrP sine framlegg på å strupe eksporten av kraft til utlandet ved lav magasinfylling, som eg fremma i november.
Her er framlegget, dette foreslo Frp:
- Stortinget ber regjeringen umiddelbart vektlegge norsk nasjonal forsyningssikkerhet i system for utveksling av kraft mellom land og etablere et system hvor netto krafteksport stanses når magasinfyllingen er vesentlig lavere enn normalt.
- Stortinget ber regjeringen umiddelbart starte arbeidet med å gå gjennom samtlige av Statnetts kontrakter for kjøp og salg av kraft til utlandet, med formål om å begrense krafteksporten frem til april 2022, og innen 15. desember 2021 komme tilbake til Stortinget med en redegjørelse om prosessen.
- Stortinget ber regjeringen umiddelbart utrede mulighetene for å innføre en avgift på eksportkraft, der statlige merinntekter fra en slik avgift skal øremerkes reduksjon i elavgiften og mva. på strømforbruk, og innen 15. desember 2021 komme tilbake til Stortinget med en redegjørelse om prosessen.
At du no Kjølmoen i kjent stil forsøker å teikne eit heilt anna bilde er normalt, slik kjenner vi deg godt.
Men, forhold deg til realitetane.
Regjeringa blir no pressa til å gjennomføre det dokke hardnakka var imot før jul, og meir vil det bli.
Det norske folk og næringslivet har alltid nytt godt av billig straum og drivstoff i energi og oljeproduksjonslandet Norge. Dette som eit fortrinn i eit land med nok ulemper.
No er ikkje situasjonen slik, og Norge har av verdas dyraste drivstoff og straumprisar.
No dreiar det seg om å reagere og handle slik at arbeidsplassar ikkje går tapt.
Kjølmoen, du er næringspolitisk talsmann i Ap.
Kva har du gjort for transport, bygg og anleggsnæringa, fiskerinæringa osv her i fylket som no slit voldsomt pga. skyhøge drivstoffprisar?»
Null og nada, kan eg svare for deg,
Di regjering vasser i hundrevis av milliardar til statskassa ekstra pga.skyhøg olje og gassprisar, straum og drivstoffprisar.
Ikkje ei krone har du som næringspolitisk talsmann kompensert næringslivet for desse ekstrakostnadene, der til dømes annleggsdieselen har blitt 100% dyrare det siste året.
Vi i FrP har fremma framlegg på maxpris på straum og kutt i drivstoffavgiftene, nedstemt kvar gong av ditt parti og Sp.
Kva vil du svare til transport, bygg og anleggsbransjen samt fiskerinæringa her i fylket, og når har du tenkt å begynne å handle?
Vi kan lese i TK om fiskeflåte i Smøla som ligg til havn i sommar, ikkje vits å gå ut og fiske pga. dei skyhøge drivstoffprisane.
Kva seier du til denne næringa Kjølmoen?
Det blir nok her «Ap i praksis» og vist til at «ein følger situasjonen nøye, tett osv.»
Jøye meg, og du Kjølmoen snakkar om andre parti sin politikk i praksis?
Eg trur dei fleste har fått med seg Ap og Sp i praksis, noko meiningsmålingane også viser.
Og du Kjølmoen burde heller brukt tida di på å fått endra regjeringa sin eigen greinalause politikk!
Les også
Strømkrisa er Frp-politikk i praksis